Torsdag var turen komen til Velle skule, der elevrådsrepresentantane Fabian Røeggen Kolås og Jonas Saure Andresen fekk overrekt fleire eksemplar av bøker skrivne på dansk og svensk.

Foreningen Norden har registrert at stadig færre barn og unge skjønar dansk og svensk. Det vil foreininga gjere noko med.

– Ei gransking som vart gjort for ti år sidan viste at norske elevar forstod svensk og dansk dårlegare enn tidlegare. Det synest vi er dumt. Det skal ikkje vere slik at vi må snakke engelsk når vi skal snakke med ein som er dansk, seier skulekontakt Kai Raaberg i Foreningen Norden i Ørsta og Volda.

Han og lokallagsleiar Lars Petter Øye hadde med seg ein stor pose fullasta med bøker då dei troppa opp på Velle skule torsdag. Det var bøker på dansk og svensk, og frå kjende forfattarar. Her er det bøker av Astrid Lindgren på originalspråket svensk, og bøker frå H.C. Andersen på originalspråket dansk, mellom anna.

– Det er eigentleg ingen stor skilnad frå norsk å lese bøker på dansk og svensk. Det at vi gjev vekk bøker til medlemsskulane våre er også i tråd med læreplanane. Det heiter til dømes at elevar alt i fjerde klasse skal høyre, lese og forstå dansk og svensk, seier Raaberg.

Fem medlemsskular

Velle skule er ein av fem medlemsskular i Foreningen Norden i Ørsta. Dei andre er Vikemarka skule, Åmås skule, Vartdal skule og Møre folkehøgskule.

Rektor Harald Bjarne Thunem var glad for gåva.

– Vi har nyleg investert i biblioteket, og gjort det enklare for elevane å leite i og låne frå. Vi satsar også mykje meir på lesing enn vi har gjort tidlegare. Eg vågar å påstå at elevane vi har i dag les meir heime og på skule enn berre for fem år sidan, seier Thunem.

– Det er viktig for oss som skule å få elevane til å oppdage kor stor verdi det er i å lese bøker, seier Velle-rektoren.

Også elevrådsrepresentantane er glade for gåve.

– Men vi har ikkje lest så mykje på dansk og svensk. Det vert spennande å sjå om vi forstår språka, seier Fabian og Jonas.