Her deltok både stipendmottakarar, stolte familiar og gode vener. Dei heldige GNIST-mottakarane vart møtt med raud laupar, høge glas, tapas og eige vertskap. I tillegg til sjølve utdelinga vart det framført mange flotte kulturelle innslag av ulike GNIST-mottakarar. Bror Magnus Tødenes opna med fantastisk operasong i foajeen og Karoline Aamås frå Volda avslutta med eit spektakulært akrobatisk nummer. Aamås var også ein av tre som fekk utdelt stipend på 100.000 kroner.

– Vi i Sparebanken Møre er stolt over å kunne bidra til slike fine førebilete, seier banksjef Mette Ryste som hadde gleda av å dele ut stipendet på kr 100.000 til Karoline.

– Den mest talentfulle unge sirkusartisten

Om Aamås seier Sparebanken Møre dette.

– Karoline beskrivast som den beste og mest talentfulle unge sirkusartist Norge har hatt. Ho har komme inn på den prestisjetunge Dans och Sirkushøgskolan i Stockholm, og vil stifte eit eige kompani når ho er ferdig med sin bachelorgrad. Karoline driver med tau. Eit loddrett tau som ho klatrar, svingar, akrobatiserar og dansar i. Dette krev ekstreme fysiske ferdigheter i tillegg til kunstnarisk uttrykk. Nysirkus er (som namnet skildrar) ein ny form for sirkus, og Karoline ønskjer å vere ein pådrivar for utvikling og kjennskap omkring dette sceneuttrykket som knyter folk saman på tvers av kulturar og kontinent, og som får folk til å skride over sine grenser for kva dei trur er muleg.

Aamås ønskjer å nytte stipendet til å kjøpe ein rigg som gjer det muleg å sette opp førestellingar ute, i tillegg til kjøp av diverse utstyr og workshops innan dans, teater og sirkus.

Fekk oppleve gnisten

Sparebanken Møre har lang tradisjon for å støtte opp om unges oppvekstkår gjennom å vere ein aktiv bidragsytar til lag, organisasjonar og aktivitetar i Møre og Romsdal. Gjennom GNIST mørestipend vender vi oss til enkeltpersonar. Stipendet er retta mot talent i alderen 15–35 år, busett i Møre og Romsdal eller med røter frå fylket, innan kategoriane kultur, idrett og opa klasse. Gnist er synonymt for glød, inspirasjon og evne, og alle som var til stades under utdelinga fekk oppleve gnisten hos årets mottakarar.

Det vart delt ut 15 stipend til talent i Møre og Romsdal.