Fjellfotograf Håvard Myklebust og forfattar Stig J. Helset skal dei komande to åra samle inn tekst og bilete til det som skal verte ei ny guidebok for toppturar på ski i Sunnmørsalpane.

Boka skal lagast i samarbeid med Fri Flyt-forlaget, som frå før har gitt ut bøker om toppturar fleire andre plassar i landet.

Dei beste turane

Fjella dei har valt å ta med i boka er både kjende og mindre kjende fjell i området rundt Hjørundfjorden, Stordal, Ørskog, Skodje, Geiranger og Norddal og Hornindalen. Målet med boka er å gje ei oversikt over dei beste turane i området, ikkje å vere ei komplett oversikt over alle fjella.

– Det er mange hundre fjell på Sunnmøre. Vi skal ikkje lage ein «bibel» som dekkjer alt, men vi vil plukke ut dei beste toppane og dei beste turopplevingane og vise dei til andre som ikkje er så godt kjende her, seier Helset.

– Mange Sunnmøringar er ikkje klar over at det fins nabotoppar til dei kjende fjella som er minst like bra og har like god utsikt. I påska ser ein til dømes at fleire hundre folk går på tur til Kolåstinden, medan det nesten ikkje går nokon på Sylvkallen og Dalegubben på andre sida av dalen. Kanskje kan boka gjere folk merksame på at det fins minst like fine turalternativ også i Hornindalen, Stordalen og andre plassar, seier Håvard Myklebust.

– Ei skibok for alle

Lokalt er det mange år sidan sist det kom ut ei så omfattande guidebok for skiturar. Den førre boka som tok føre seg emnet var «Skiturar i Sunnmørsalpane». Ho vart gitt ut i 1996, og har ikkje vore i sal på fleire år. Dermed har behovet for ei ny og oppdatert bok meldt seg.

Den nye boka skal ta føre seg mellom sytti og åtti fjelltoppar på Sunnmøre, rikt illustrert med flyfoto og situasjonsbilete, i tillegg til informasjon om ruteval, lengd, stigning, faremoment og spesielle opplevingar knytt til kvar tur.

– Dette skal verte ei skibok for alle, med alle typar turar. Alt frå dei heilt enkle og moderate turane, til lengre og krevjande turar opp mot det nokre vil kalle ekstremkøyring, seier Stig Helset.

Kjem ut jula 2015

Når den nye toppturboka no skal forfattast og illustrerast, skal det gjerast grundig. To år er sett av til arbeidet.

– Forlaget ønskte å få ho ferdig på eitt år. Men då kan det fort ende med hastverksarbeid. Vi meiner vi treng såpass med tid som to år for å lage ei god bok. Vi vil levere noko skikkeleg, seier dei to.

Treng fleire foto

Som ivrige fjellfolk har forfattarane vore på dei fleste fjelltoppane i området, og har såleis førstehandskunnskap om ruteval og utfordringar. Likevel treng dei litt hjelp frå publikum for å komplettere arbeidet.

– Vi ønskjer å kome i kontakt med folk som kan bidra med foto frå toppane som skal i boka, så ein ikkje berre får sjå Sunnmørsalpane frå kameraet til ein enkelt fotograf. Mange folk har med seg kamera på turar, og av og til får ein eit skikkeleg blinkskot. Vi vil gjerne ha fleire actionbilete av folk på skitur i Sunnmørsfjella med i boka, seier Myklebust.

Lista over fjelltoppane som skal vere med i boka ligg på Hjørundfjordportalen (www.hjorundfjord.no).

Fotograf Håvard Myklebust og forfattar Stig J. Helset skal dei komande to åra arbeide med ei ny bok om toppturar på ski på Sunnmøre.