– Vanlegvis har vi halde marknaden over to dagar. I år køyrer vi alt på ein dag. I tillegg har vi invitert nokre gjester til å vere der saman med oss, fortel ansvarleg for marknaden, Marianne Solbjørg Ose.

Plass til fleire

Hovden og Ørsta skulekorps er ein stabil gjeng på litt over 40 barn og unge, fordel på korpset, drillkorpset og aspirantar.

– Det er ei god gruppe, men det er slik med korps at det alltid er plass til fleire, seier leiar Johnny Vassli Hansen.

Laurdag 1. november stiller dei uansett med fullt mannskap når dei inviterer til marknad. Og som gjester har dei fått med seg Vartdalsstranda generasjonskorps.

– Veldig kjekt at dei vil vere der saman med oss. Dette er årets konsert for oss, seier dirigent i skulekorpset, Brynhild Hovden.

Planen er at korpsa skal halde kvar sine konsertar, men det kan vere at dei slår seg saman for eit skikkeleg fellesnummer også.

På marknaden lovar dei elles tradisjonen tru eit solid kakebord, tombola, åresal, fiskedam og kunstlotteri.

– Korpsmusikarane går i desse dagar rundt i bygda for å selje til kunstlotteriet, og trekninga vert gjort under marknaden, fortel Marianne Solbjørg Ose.

Resten av livet

Korpset øver kvar måndag på Ørsta ungdomsskule, og medlemene er frå ni til 23 år.

– Det er kjempeflott og viktig at vi har med oss desse eldste. Dei er gode førebilete for dei yngre. Dei minste i korpset er frå ni år, fortel Johnny Vassli Hansen.

– Korps er kjekt. Og det er noko vi kan ta med oss og halde på med resten av livet. I tillegg får alle vere med. Ingen er til overs, seier ein engasjert klarinettist, Synnøve Foldal Vatne.

Saman med dei andre gler ho seg veldig til å få vise til publikum på marknaden kva korpset har øvd på den siste tida.

– Marknaden har tradisjon for å vere godt besøkt. Det håper vi på også i år. Det er viktig å støtte opp om korpset, seier Vassli Hansen.