Kringkastingsorkestret er no ute på tur rundt i Noreg for å finne skjulte musikalske talent innafor alle sjangrar og aldersgrupper. Resultatet vert NRK-serien «Då KORK kom til bygda». På turen får Ulsteinvik og Ørsta besøk av KORK. Opptaka til programmet vert gjort i mai, og no er det klart at programleiar vert Ingrid Gjessing Linhave som er kjent frå m.a. «Nytt på Nytt». I tillegg til Gjessing Linhave skal Hans Olav Brenner, Anne Rimmen, Linn Skåber og Leo Ajkic leia programma.

«Då KORK kom til bygda» er ei ny musikalsk storsatsing frå NRK som skal på lufta seinare i 2014. Dette vert ein underhaldningsserie for heile familien. TV-sjåarane vil verte begeistra av bygda sitt engasjement, lokale dugnadsånd, store draumar og av dei nye talenta som skal løftast opp og fram av eit profesjonelt orkester.– Kringkastingsorkestret er heile landets orkester. Vi ønskjer å gje lokale talent sjansen til å spele med nokon av Noregs beste musikarar, og samtidig utfordre musikarane våre innan mange forskjellige sjangrar. Vi håper og trur det kan føre til nokon overraskande musikalske møter, seier kulturredaktør Hege Duckert.