– Det er klart at då eg slo opp augo søndag morgon, gradestokken viste to grader, og det regna tett, då var det eigentleg berre ein snøstorm som kunne ha vore verre, seier Rune Mo, leiar for nemnda for Hjørundfjorddagane.

Men trass i regnet, kulden og vinden, var det bra med folk under dagane. Søndag var det eit jamt sig med folk.

Likevel underslår ikkje Mo at vêret nok vil påverke botnlina til slutt.

– Samanlikna med i fjor, fekk vi eit inntektstap på 100.000 kroner, seier Mo.

I nemnda var dei ei stund galgenhumoristiske, og vurderte om det skulle seljast paraplyar og oljakle, men det var ikkje på lager ...

– Sett vekk frå regnet og vêret, som vi ikkje kan gjere noko med, gjekk arrangementet fint. Vi fekk mykje fin underhaldning frå scena, og kyrkjekonserten laurdag kveld med Svein og Bjørn Årset og Volda Mannskor vart ei fin oppleving. Denne konserten medverkar også med pluss i rekneskapen. Kyrkja var ikkje fullsett, men det var mange som kom, seier Mo.

Han takkar bygdefolket for dugnadsinnsatsen, og spesielt fordi det vart nokre ekstra utfordringar.

– Det vert meir tungvint å arbeide når det regnar på eit utandørsarrangement, seier Mo.

Matsalet gjekk godt unna, men vêret påverka kva folk kjøpte.

– I år var det ikkje mykje sal av iskrem, men rømmegrauten gjekk unna, seier Mo.