Ti kunstnarar har donert bilete til eit stort kunstlotteri til inntekt for NSP-AID.

– Mange kunstnarar har engasjert seg med bidrag til arbeidet til bistandsorganisasjonen NSP-AID. Gjennom fleire år har den sunnmørsbaserte organisasjonen bygd opp eit apparat for å støtte barn og unge i Kenya og Etiopia med hjelp til skole og utdanning, heiter det i ei pressemelding frå NSP-AID.

Kunstnaren Tove Stavem Reite frå Volda ar hausten 2022 med på tur til Kenya. På turen fekk ho ideen om å engasjere kunstnarar i saka. Kunst til ein verdi på over 90.000 kroner skal få nye eigarar gjennom to lotteri. Kunstnarane som bidreg til aksjonen er Roy A Dahl, Ove Øverkil, Tove Staven Reite, Anne-Marit Varpen, Tordis Myhre, Liv Strand Hareide, Anne Kristine Kalvatsvik, Sonja Reite, Evy Bolseth Gjørsvik og Mathis Nango.