Ballettskulen tek samfunnsansvar for dei ukrainske flyktningborna som kjem til Ørsta. Og no har proimus motor og rektor for Volda og Ørsta Ballettskule, Synnøve Rekkedal Hill, søkt Integrerings- og mangfoldsdirektoratet om pengar til eit prosjekt kalla «Kom og dans i Ballettskulen».

Rekkedal Hill er overtydd:

Integrert

- "Bli med og dans i ballettskulen"er ein fantastisk fin måte å bli integrert og inkludert i samfunnet på. Ein finn seg vener og ein får jobbe saman med andre fram mot flotte framsyningar. Det gir god sjølvkjensle og gir born og unge trua på seg sjølve.

– Vi har alt erfart at dans er ein fin måte å bli integrert på, også for unge frå Ukraina. Dessutan står dans og kultur sterkt i Ukraina, skriv rektor Rekkedal Hill i søknaden til direktoratet.

Rekkedal Hill gjer det klart at dei unge flykningane frå Ukraina vil bli inviterte til å delta som elevar i ballettskulen for å lære ulike former for dans, koreografi og å verte med på dei mange framsyningane ballettskulen har gjennom året.

- Dette vert gratis for alle flyktningane. Vi har gjort det same mange gonger før overfor flykningar frå andre land. Vi har alt hatt ei ung jente på 15 år som elev i ballettskulen sidan mars, ho kom i den første gruppa av flykningar frå Ukraina, skriv rektor Rekkedal Hill i søknaden.