Den vart for første gong arrangert i 2020 med over 200 lag som deltok. Elevar og tilsette på 7. trinn vil derfor i år arrangere ein ny påskekviss for innbyggarane i Ørsta.

Alle som vil kan delta, og quizen finn du på Ørsta kommune si heimeside.

Dette er eit gratisarrangement som passar for alle.

– Her vil vi ha kategoriar med nivå som passar for både yngre og eldre. Postane vil og verte plasserte slik at det ikkje skal vere krevjande å finne dei. Kvar post har og eit hint om kor du kan finne neste post, står det på heimesida.

​Quizen vil vere open for deltaking heile påska, og ein kan velje å ta heile på ein dag eller dele utover.

Premiar

Skulen er svært takksame for alle bedriftene i Ørsta som har sponsa oss med premiar. Over 50 lokale bedrifter har bidratt, så her er det mange premiar ein kan vinne. For å vere med i trekninga av ein premie, er det nok å delta.