Føremålet med stipendet er at det skal bidra til at unge talentfulle personar skal få høve til å vidareutvikle talentet sitt. Det er også eit mål at stipendmottakarane skal vere med på å utvikle kulturlivet innan sitt område i regionen, og også vere gode representantar utanfor regionen.

Meisterklasser

Under Sunnmøre Kammermusikkfestival 2.–4. mai vart det også halde meisterklasser der profesjonelle musikarar underviste lokale musikktalent.

Kulturskulane på Søre Sunnmøre plukka ut fire kandidatar til talentstipendet som alle fekk delta med eige innslag på fire av konsertane under festivalen. Vinnarane vart kåra av ein jury samansett av festivalartistane sjølve.

To stipend

Banksjef i SpareBank1 Søre Sunnmøre, Hallvard Bjørneset fekk æra av å dele ut stipendet under avslutningskonserten i Volda kyrkje laurdag.

Jobben med å velje ein vinnar av stipendet har truleg vore vanskeleg for juryen, og i år vart stipendet delt på to. Songar Oline Sæverud Aksnes frå Ulstein og pianist Olav Telseth frå Ørsta fekk 12.500 kroner kvar.

I grunngjevinga frå juryen står det:

«Dei to vinnarane utviser begge talent som festivalmusikarane håper dei vil utvikle vidare. Den eine har alt ein høgt utvikla teknikk og forståing for musikalske verkemiddel, og den andre har, trass sin unge alder, alt i dag ein naturleg karisma og tekstforståing».

– Eg vil på vegner av banken ønske begge lykke til med vidare utvikling, og eg håper at stipendet kan vere med på at de får oppfylt nokre draumar i tida som kjem, sa Bjørneset.