– Hovudmålet vårt er å teste ut røntgenundersøkingar av trevirke i verneverdige trebygg, fortel Mille Stein frå Norsk institutt for kulturminneforsking (NIKU). Ho er prosjektleiar, og saman med Barbro Wedvik og Jan Michael Stornes var dei denne veka på plass i Brudavolltunet i den gamle løda som Stornes har datert tilbake til 1633.

Referanseprosjekt

Inne i fjøsen har dei sendt røntgenstrålar gjennom ei rimeleg fersk skråsperre i bjørk. For å få noko å samanlikne med har dei også teke røntgen av ei eldre skråsperre, merka med årstalet 1881, og også av ei nedbroten skråsperre.

– Slik lagar vi oss ein referansebase, seier Stein.

Målet er altså i all hovudsak å utvikle ein metode, og ikkje å avdekke eventuelle skader på bygningane. I alle fall i denne omgangen.

Prosjektet har pågått sidan 2011, og er ikkje ferdig før i 2015, og mange verneverdige bygg har fått besøk av forskargjengen.

– Vi har som mål å svare på spørsmålet om røntgenundersøkingar av verneverdige bygg er ein eigna metode for tilstandsundersøkingar og dokumentasjon, skildrar Stein.

Røntgenrør

Med seg på turen har forskarane frå NIKU eit røntgenrør. Store delar av tunet på Brudavollen er snurra inn i raude og gule band merka med store åtvaringar om å nærme seg. Røntgenstrålane er sterke, men med røntgenrøret kan forskarane oppsøke kulturminna, framfor at kulturminna må kome til dei.

– Vi må meir ut av laboratoriet med denne nye teknologien. Det er ikkje nytt at vi nyttar røntgen i undersøkingane våre, men det er nytt at vi røntgenfotograferer kulturminna på staden. Det utvidar arbeidsfeltet vårt, seier Stein.

Mykje informasjon

Fleire bilete av nedbrote tre har forskarane vist fram til mykologar, eller soppspesialistar. Stein fortel at dei har vorte positivt overraska over all informasjonen røntgenbileta kan gi.

– Og vi jobbar også med å lære oss å kjenne att og tolke det vi ser på bileta.

Jan Michael Stornes kan bidra med det. Han er bygningskyndig, og kan mykje om gamle trekonstruksjonar.

– Han kan vurdere sunnheitsgehalten i eit tre. Så vi jobbar tett for å få eit mest muleg totalt bilete, seier Stein.

På plass i Brudavolltunet er også Per Sæther som er konservator og samlingsansvarleg ved Sunnmøre Museum.

– Vi har mange morosame samtalar og ulike inngangar for korleis vi ser på ting. Det er mange ulike auge som ser. Det gir ein interessant dynamikk, meiner Stein.

Røntgenbileta som vert tekne av Brudavolltunet vert lagt inn på ei datamaskin for vidare tolkingar.

– Vi ser store forskjellar på friskt tre og nedbrote tre.

Den gamle løda har eit par skavankar, men forskarane trur den har mange gode år att før det må større restaureringsarbeid til.

Barbro Wedvik og Mille Stein frå NIKU har røntgenfotografert skråsperrene i bjørk inne i den gamle løda i Brudavolltunet.