Laurdag er det bøker og forfattarar som står i fokus i kafeen i Ivar Aasen-tunet. Lillian Øvrelid Berge kjem gjennom Eiksund-sambandet frå Herøy for å lese frå barnebøkene sine. Frå Ørsta kjem Ottar Løvoll, som debuterer med diktsamlinga Med katten på fanget, og som vil dele nokre av dikta med publikum. Dei vil også signere bøkene for dei som ønskjer å kjøpe.

– Bokkafeen, som er ein forsmak på Boknatta om kvelden, er eit gratisarrangement, fortel tunvert Ingrid Opedal. I tillegg til å høyre forfattarane lese kan ein kjøpe risgrynsgraut i kafeen, og ein kan gjere unna ein del av julehandelen om ein ønskjer det.

Med katten i fanget

Mange kjenner nok Ottar Løvoll som mangeårig lærar ved Ørsta vidaregåande skule. Han er fødd og oppvaksen på garden Løvoll i Eidsdal på Sunnmøre. Nokre visste kanskje at han sysla med skriving ved sidan av lærarjobben. I år kjem han med første diktsamlinga si med den koselege tittelen Med katten i fanget. Boka inneheld 65 nyskrivne dikt om litt av kvart.

Nokre hentar inspirasjon frå ungdomen og kan ha ein humoristisk tone. Andre går djupare inn på samspelet mellom menneske. Nokre rører ved religion og korleis vi steller med kloden vår. Ifølgje forlaget er dikta lett tilgjengelege, og tematikken burde appellere til ei brei lesargruppe.

Herøy

Den vesle grå mannen som hadde gløymt fargane er tittelen på andre boka til Herøy-dama Lillian Øvrelid Berge. Den vesle grå mannen .. er ei biletbok, der Berge står for både tekstar og illustrasjonar. Forteljinga er underfundig, engasjerande for borna, og den har også noko å seie den vaksne lesaren om å sjå kvarandre. Kanskje ei grei påminning for mange av oss i dei travle tidene vi snart går inn i?

– Dersom her vert mange born, kan det hende Lillian tek dei med seg opp på Lurivar-hemsen for å lese meir, no frå boka Kvifor et du ikkje skorpene dine, Håkon? Den kom på Selja forlag i 2004, og handlar om at brødskorper kan brukast til mangt anna enn å etast. Det er ei morosam barnebok med flotte teikningar av forfattaren, seier Opedal.

Risgrynsgraut og julehandel

– Bokkafeen i Aasen-tunet tek til kl. 15, og sidan vi reknar med at mange er svoltne på laurdagsgraut har vi risgrynsgraut med spekemat og saft til sals i kafeen nokre timar denne dagen, fortel tunverten.

I tillegg byr ein som vanleg på smårettar, kaffi og kaker. Vi vonar mange vil nytte høvet til å kombinere det å høyre to lokale forfattarar med julegåvehandel i butikken som har mange unike produkt og eit godt utval av nynorske bøker. Aasen-boksarane vil truleg ligge under mange tre også i år, kanskje saman med eit unikt nynorsk ordsmykke. Før jula tek til kan ein syngje seg gjennom den fine adventskalenderen med nynorske julesongar. Ein ny song for kvar dag i advent.