Den gule turnébussen stasjonert i Furene får verkeleg køyrt seg i månadane framover. Då reiser bandet atter ein gong land og strand rundt for å spele på festivalar og sjølvstendige konsertar.

Til no i år har gutane allereie spelt 25 konsertar. Berre eit par andre artistar i Noreg kan skilte med ei like fyldig bookingliste, og nyleg passerte dei 300.000 selde CD- og DVD-plater sidan 2005. Vassendgutane er altså eitt av dei mestselgande norske banda i nyare tid, og suksessen ser ikkje ut til å avta.

Sjølv om musikkritikarane ikkje akkurat hoppar i taket av begeistring over “festcountryen”, ser ikkje publikum ut til å få nok av songar om bygedans, drikke(u)kultur og kvardagssituasjonskomikk.

Har funne formelen

Over ein kopp kaffi og mjølkesjokolade i den spesialbygde turnébussen fortel karane om faktorane som gjer at dei etter seksten år framleis held koken og spelar for fulle hus helg etter helg.

– Det har nok mykje med kombinasjonen av melodiane og gode tekstar på norsk å gjere. Det er noko folkeleg med dei som alle kjenner seg att i. Både ungar og gamle likar dei, seier vokalist/gitarist Rune Brautaset.

– Om ein hadde lagt saman alle terningkasta frå anmeldarane, kunne ein fått ein firar. Men dei beste kritikarane våre er publikum. Det er dei som dreg oss fram. Vi har nok funne ein formel som treff godt i jungelen av musikk. Vi hadde ikkje trudd sjølve at det skulle verte slik.

Tusen timar i buss

I går var Vassendgutane på Årnes, i dag i Rømskog. Så er det heim til Ørsta att før Lyngdal og Prestfoss ventar neste helg. I snitt brukar dei kring 25 timar i bussen kvar helg, 40-50 helgar i året.

– Alle reagerer på korleis vi held ut alle timane i buss! Alle trur det er så forferdeleg, seier dei på spørsmål om dei ikkje vert lei av busskøyring.

Bord, kaffitraktar, toalett og sengeplassar bakerst gjer at turen vert litt meir behageleg enn nattbussen, forklarar dei. – Og så reisefølget, då.

– Det er viktig å ha det kjekt. Vi har ein veldig god kjemi. Men humoren byrjar verte forderdeleg billeg her no. Vi ler ikkje lenger av vitsane, men av dei som fortel, humrar Brautaset.

– Utfordrande å finne nytt stoff

I mars i år gav Vassendgutane ut samleplata “Festi ekje slutt” med songar frå tidlegare plater. Til vinteren ventar ei plate med nytt stoff.

– Vi har litt forskjellig i bakhovudet, og går med planar om ei ny plate. Vi har fått eit inntrykket av at folk ikkje er trufaste i årevis om det ikkje kjem noko nytt, seier vokalist, bassist og låtskrivar Sindre Aam.

– Har det vorte meir krevjande å kome med nytt stoff?

– Det er ei utfordring som vert større og større. Om ein er flink til å legge merke til detaljar kring om, kan ein finne på litt forskjellig. Men til meir ein skriv, dess mindre er det att å skrive om, seier Aam.

CD-sal og publikum

Sjølv om Vassendgutane ligg i toppsjiktet innan både CD-sal og konsertspeling i Noreg, er det også utfordringar med å vere musikar i dag. CD-salet dalar stadig på verdsbasis, og gutane har eit inntrykk av at folk går mindre og mindre ut for å ha det moro.

– Det vert vanskelegare og vanskelegare å tene pengar på platesal. Plateutgivelsane har gjort at vi har hatt ein god økonomi. For det er dyrt det vi driv med, seier trekkspelar Ernst Brune.

Sidan dei slo gjennom i 1996 har dei merka at det generelt vert arrangert færre og færre konsertar kring om i landet.

– Konsertmarknaden er nede for teljing for alle band over alt. Dei fleste banda startar å spele i midten av juni og held fram til midten av agust. Tidlegare spelte dei heile året. Det er vanskelegare å leve av det no til dags. Årsaka er at folk ikkje møter på konsertane. Dei har kanskje nok med å sitte heime på Facebook. Det vert dermed færre som arrangerer og færre som orkar å arbeide på dugnad for å få til noko. Å få ut tusen menneske i dag har vorte mykje vanskelegare enn det var før, og det gjeld for heile bransjen. Folk går ut på slike “dagar” då det skjer ting i bygda. Men å lage dans i ein idrettshall klaffar ikkje alltid, seier Aam.

– Og så går folk seint ut. Vi startar vanlegvis å spele klokka 23. Då kjem folk i 23-23.30-tida, men oppvarmingsbandet som har spelt sidan klokka 20 har ikkje hatt ein einaste publikumar. Dermed tener heller ikkje arrangørane pengar. Folk er der i halvannan time, og så går dei heim att, seier han.

Allsong over heile landet

Men sjølv om det kan vere nedslåande at publikum ikkje går så mykje ut som før, samlar dei store banda som Vassendgutane som regel fullt hus. Aam er takksam for at fansa er flinke og støttar opp når dei kjem.

– Det er publikum som har gjort at det går bra. Det er stas å kome til Alta og syngje dette “tullet” vårt, og så står det tusen menneske og syng med på alle songane. Det er imponerande. Slik er det både i Nord-Norge, på Sørlandet, i Gudbrandsdalen og i Oslo, seier dei.

– Då kunne de ikkje tenkt dykk noko anna?

– Nei, hadde nokon av oss tenkt det, hadde vi gjort det. Dette held vi på med fordi det er så kjekt som det er.

Rune Brautaset og Arthur Johan Bjørdal
Vassendgutane går med planar om ny plate til vinteren, seier vokalist/låtskrivar Sindre Aam.