– Vi er stolte og glade for at vi på nytt får Kjell Nupen sine verk til bygda, seier Monica Vatne Sørheim i Ørsta og Volda kunstlag. Nupen hadde den første utstillinga på Kunsthuset etter opninga i 2007.
– Det vart ein suksess og den bestseljande utstillinga på kunsthuset nokon gong. No håper vi å gjenta suksessen med ei ny salsutstilling.
Gjekk bort
I mars i fjor døydde Nupen etter kort tid sjukdom.
– Kunstlaget hadde gjort avtale om ei ny utstilling før han gjekk bort. Etter at han døydde, fekk vi beskjed om at alle utstillingar var sett på vent. Men etter ei stund tok kona hans, Aino Ilkama, kontakt og sa at utstillinga i Ørsta er ei av dei avtalte utstillingane ho og familien vil gjennomføre. Nupen var ein av dei viktigaste samtidskunstnarane i Noreg, og produserte måleri, grafikk, skulpturar, installasjonar og glaskunst gjennom 40 år. Han har hatt både separatutstillingar og utsmykkingsoppdrag i Noreg og i utlandet, og hadde eit nært venskap med Dronning Sonja.
Grafikk
I 2007 stilte Nupen ut måleri og grafikk i Ørsta. Denne gongen blir det ei rein grafikkutstilling.
– Vi veit ikkje kva bilde som kjem, så vi er veldig spente. Kona hans held på å setje saman utstillinga no. Det vi veit, er at Nupen arbeidde med kunsten heilt til det siste, og at han skildra dei siste månadane av livet som interessante. Han sa at sjukdommen opna nye sider ved livet og kunstnarskapet. Men vi veit ikkje om det er nye eller gamle bilde som kjem til Ørsta, seier Sørheim.
Mor og far frå Ørsta
– Kvifor trur de Nupen slår slik an her i området?
– Ein del av forklaringa er at han ættar herifrå. Både mora og faren kom frå Ørsta. Men så er han jo ein av dei verkeleg store kunstnarane i Noreg dei siste åra, seier Cathrin Lid Heilund, også ho frå kunstlaget.Utstillinga opnar i Kunsthuset i Ørsta fredag 13. november og varer fram til 12. desember.