I 30 år har storbandet MixMasters, under kyndig leiing av vokalist og klarinettvirtuos Ketil Rasmussen, gleda publikum på Nordvestlandet med perler frå swingjazzens glanstid. På sjølvaste kvinnedagen 8. mars byr bandet inn til vinterdans med noko attåt i Berte Kanutte-huset i Volda.

MixMasters har fått ny vind i segla og bandet svingar betre enn nokon gong før, noko som kom tydleg fram på 30-årsmarkeringa i Volda sist november. Medlemmane er ei utsøkt blanding av godt vaksne veteranar og nye yngre tilskot frå Sunnmøre og Nordfjord. Når dei no byd inn til dansekveld med servering på Berte Kanutte-huset i Volda, lovar dei swingmusikk av første klasse.

– Glenn Miller og «Miller-soundet» har alltid vore eit heilt sentralt element hos MixMasters. Miller er mellom anna kjend for klassikarar som In the Mood, A String of Pearls, Tuxedo Junction, Chattanooga Choo Choo og Moonlight Serenade. Ketil Rasmussen har spesialisert seg på denne musikken, og gjennom gode kontaktar i USA har han fått tak i Miller sine originalarrangement, seier styremedlem og bassist Svein Hunnes.

– Vi oppmodar alle danseglade sunnmøringar om å sette to kryss i kalenderen den 8. mars – eitt kryss for kvinnedagen og eitt kryss for vinterdans med MixMasters med god mat og drikke frå studenthuset Rokken.