Kim Fairchild har blitt kritikarrost for si tolking av Billie Holidaybåde på scene og plate."All of Me" er Billie Holidays såre song. Stemma og storbandet svingar, medan Billie med slepande ord bed deg: "Heile meg! Ta heile meg, sidan du likevel har mitt hjarte."

Den bergenske jazzvokalisten og revyartisten Kim Fairchild har namnet sitt frå heimstaden New York, og kanskje høyrest det på stemma - så det rungar! Stemma flyt sårt, men sterkt som hos Billie Holiday. Ho debuterte som jazzsongar i Harlem NY, tidleg på 30-talet og var ein aktiv og ettertrakta artist heilt fram til 60-talet.

Gjennom skodespel og ni karakteristiske låtar gir Kim oss eit glimt av Billie Holiday. Ho blei kalla Lady Day, men det var om natta ho sang mjuk jazz og blå blues med storband på flotte scener og mørke buler - langt inn i dei seine timar.

Billies stemmebruk, som kjenneteiknar dei harde 30-åra og krigstida, var toneangivande for pop og musikkstilar som stammar frå jazz og blues - i vår tid er dei klassikarar. Kim Fairchild gir ei god stemme til Billie Holidays signatursongar, hennar sterke vokal ber dei fram som ein hyllest til Lady Day.