Wenche Myhre, Jørn Hoel og Didrik Solli-Tangen kjem til Ørsta kyrkje 11. desember med konsertopplevinga Julenatt.
– Dette er mitt tiande år på Julenatt-turné, og eg verdset å vere ein del av folk sine juletradisjonar høgt. For å vere nettopp ein tradisjon er det viktig for oss at dei kjende og kjære julesongane alltid er med i vårt repertoar, slik at publikum kan kjenne igjen opplevinga frå år til år. I tillegg vil vi sjølvsagt også å servere ein del nytt materiale, fortel musikalsk leder Trond Lien i ei pressemelding.
Myhre, Hoel og Solli-Tangen har med seg Frøydis Grorud (saksofonar, fløyter) og Trond Lien (kapellmeister, tangentar), som begge er kjent frå NRK-programmet Beat for Beat. I tillegg har dei med seg Tarjei Nysted (nøkkelharpe, fiolin, mandolin, bratsj m.m.).