NPK-NTB: Filmen, som er ein ny versjon av historia om krigshelten Jan Baalsrud, hadde premiere 1. juledag. Inklusive førpremierar er filmen no sett av totalt 69.058 kinogjengarar, melder Film & Kino.

– Det er gledeleg at ein norsk film toppar besøket dei første juledagane, seier administrerande direktør Guttorm Petterson i Film & Kino i pressemeldinga.

Nyleg melde Kampanje at Harald Zwart valde å klippe om filmen etter tips frå publikum på førehandsvisningane:

– Då vi testa filmen, viste det seg at overraskande mange unge menneske ikkje visste at Sverige var nøytralt under andre verdskrigen og ein stad ein kunne finne tryggleik. Då går vi inn i klippen, og legg inn ein liten dialog mellom Jan Baalsrud og ei lita jente som passar perfekt, der ho spør han om kvifor han skal til Sverige, røpa regissøren.

I alt fann 142.372 publikummarar vegen til norske kinoar 1. og 2. juledag, der fleire filmar hadde premiere. I fjor var tilsvarande tal 146.000. Det svarar til kinobesøket på ei elles normal helg med tre dagar på kino.

På 2.-plass på topplista etter dei to første kinodagane i romjula ligg «Star Wars: The Last Jedi» med 26.862 besøk. Scifi-eventyret er til no sett av 341.656 nordmenn sidan premieren 13. desember og ligg an til å bli 2017s mest sette film, ifølgje Film & Kino.

Disney-eventyret om «Ferdinand» følgjer på 3.-plass med 26.415 besøkjande, mens «Paddington 2" følgjer med 7.425 besøkjande innom 1. og 2. juledag. På 5.-plass kjem den svenske «Solsidan»-filmen med 3.052 besøk.

Les også: - Eirik er ein fantastisk, talentfull skodespelar