Det var ei ut av kroppen-oppleving å spele på Trandalblues. Å kome med båten over frå Sæbø, og sjå Trandal: det var som å kome til ei anna verd. Så eksotisk og så flott.

Det seier Frode Alnæs, som saman med vennene i Brass Brothers tok Trandal og Trandalblues med storm laurdag kveld. Han og dei andre musikarane måtte berre levere.

– Eg har høyrt masse om Trandalblues tidlegare, og eg har også fått førespurnader om å vere med. I år baud sjansen seg, og det vart utruleg, seier Alnæs.

Improvisasjon

Han har hatt fleire spelejobbar saman med Brass Brothers tidlegare, men øver saman, det gjer dei knapt.

– Nei, eg har ei heilt fri hue når vi spelar saman. Vi spelte saman på min eigen festival, Tahitifestivalen i Kristiansund, for nokre veker sidan. Vi kjenner kvarandre så godt, og er så trygge på kvarandre at vi flyt godt saman med på scena. Til hausten skal Brass Brothers kome med ei ny plate. Då håper eg at dei også kan få plass til nokre låtar eg har skrive og arrangert, seier Alnæs.

Han fortel at mykje av spelinga saman med Brass Brothers handlar om improvisasjon.

– Og når vi vert tekne i mot slik vi vart gjort på Trandal, både av arrangørar og publikum, vert vi ekstra inspirerte. Det var berre å ause på. Det var ei stor oppleving for oss å vere der, seier Alnæs.

- Fortener respekt

Han lovprisar arrangørane.

– Dei fortener ros. Eg elskar slike stader og slike initiativ. Det skaper særpreg og mangfald. Folk står på til livskiten tek dei for å få det til. Det fortener respekt, seier Alnæs.

– Og kva vil du seie viss nokon artistar spør deg til råds om dei skal stille på festivalen?

– Då vil eg seie: Køyr på!

Les alt om Trandalblues i papirutgåva av Møre-Nytt tysdag (i dag)