Før helga vart det klart at Vassendgutane passerte 20.000 selde eksemplar av «Hesteslepp», og under familiekonserten fekk bandet overrekt gullplate som bevis på suksessen.

– I ei tid med mykje nedlasting er det ikkje all forunnt å selje så mykje plater, sa manager Alf Aarseth då han overrekte gullplatene.

Vassendgutane har også toppa VG-lista i to veker med «Hesteslepp», og det var Deep Purple som måtte til for å få bandet frå Åmdal ned frå førsteplassen. «Hesteslepp» ligg no på ein andreplass over dei mest selde platene i Noreg.

– Vi er veldig godt nøgde

– Vi føler ikkje så mykje av det, men det er veldig bra. Det er slik i dag at du ikkje peiling på om du sel tusen eksemplar eller tjue. Slik det har vorte er det vanskeleg, men vi veldig godt nøgde, seier Sindre Aam.

– Det gjev kanskje ein ekstra giv til å halde fram?

– Det gjer no det. Ein er avhengig av å gjere nokolunde bra i dag, og konsertmarknaden har vorte mykje tøffare enn kva den var for nokon år sidan. No er det beintøft. Eg trur dette er noko som veldig mange merkar, men vi vonar at vi merkar det litt mindre enn dei andre, seier Aam.