På Ørsta kino skal vi gjere noko ekstra ut av dette, og vi har hyra inn Jiri Nagy til å dekorere kulturhuset også i år. Det blir spektakulært og flott, og vil vere med på å gi den rette stemninga til du skal sjå sjølve filmen. I tillegg til det oppfordrar vi alle til å kome i høveleg kostyme til framsyning nr. 2 som er onsdag ettermiddag, seier kinosjef Janne Grytten Skarstein.

Onsdag vert det premiering av beste kostyme, og alle som kjøper billett til denne framsyninga eller nattpremieren natta før er dessutan med i trekninga av flotte gevinstar.