– Eg budde i Volda i fire år. Mi første offentlege separatutstilling hadde eg i Ålesunds-området i 1983, medan eg studerte ved Høgskulen i Volda. No er eg tilbake her det starta for 30 år sidan.

Tredeling

Ole Une Ferstad Liland er fødd i Ålesund, og bur no i Geiranger der han driv Geiranger Galleri. Etter fire år som student i Volda vart Polen neste stoppestad på kunstakademiet i Warszawa. Liland har teke imot forskjellige kunststipend m.a. polsk og jugoslavisk statsstipend. Kunstnaren vert karakterisert som figurativ kolorist mot det abstrakte, og det ser ein også att i jubileumsutstillinga i Ørsta.

– Det er fargesterke ekspressive bilete, gjerne målt med ei røff hand. Det er ei tredeling i utstillinga, og årsaka til dette er at eg har jobbe mykje med desse ulike sjangrane gjennom åra. Difor vel eg å vise det fram no. Her også det abstraherte, men det er symbolikkbruk som viktig. For meg så er kunst kommunikasjon, og ikkje nødvendigvis dekorasjon, seier Liland.

Kunstnaren har gått tilbake til å måle på lerret etter at han tidlegare har jobba mykje med mixedmedia. Tredelinga i utstillinga er tematisk mellom Relasjon, Arv og Tavle.

– I Relasjonsserien er menneska metaforar for korleis vi har det med oss sjølve og kvarandre, og det kan vere vanskeleg å finne seg sjølv i dagens samfunn. Arv-serien ber preg at eg i dag er busett i Geiranger, og det er mi tolking av verdsarvområdet. Tavleserien er ei usynleg tankeverd. Ei tavle kan romme alt som ikkje kan forklarast med ord, og som høyrer livet til.

– Kjekt å møte publikum

Leiar Fredrik Christian Langlo i Volda og Ørsta kunstlag stod for den offisielle opninga av kunstutstillinga laurdag. Dei rundt førti frammøtte fekk også høyre Ragnhild Engeset og Stein Helge Solstad framføre tre songar, i tillegg til at Liland fortalde om utstillinga. Kunstnaren sjølv tykkjer det er kjekt å ha utstillingar, men seier at han ikkje har så mykje forventningar.

– Når utstillinga står klar så har eg gjort jobben min. Kva som skjer etter det har eg ikkje noko mynde til å gjere noko med. Det er fem år sidan sist eg hadde ei stor utstilling i området her, og det er nok sidan eg har galleri sjølv i Geiranger. Samtidig så er det viktig for meg å ha slike utstillingar, for då skjerpar du deg. Det er kjekt for oss kunstnarar å møte publikum. Du vert vurdert og målt på ei anna måte, og det er sunt.

Jubileumsutstillinga er open fram til og med 16. november. Dette er også den siste kunstutstilling i regi av Volda og Ørsta kunstlag før nyttår.