Dalsbø er eit heitt bandnamn i det lokale musikkmiljøet for tida. På kort tid har dei slått seg opp med fleire populære songar på Spotify.
Fredag stod dei på scena for å promotere sin nyaste singel, «Simple Men». Tidlegare i år har Dalsbø gitt ut «Hometown Life», og snart kjem det fleire. Sistnemnde song har på tre veker vorte spelt 18.000 gongar på Spotify.
Den forseggjorde løda i Åmåsen var eit perfekt bakteppe for sleppfesten, som trekte mange lokale publikummarar og musikarar. Utanfor lødedøra kvitra fuglane i den lyse sommarnatta, medan det innanfor var rigga opp til ein skikkeleg bygdefest.
Stemninga steig i takt med songane som kom frå scena, og publikum let seg rive med. Etter å ha framført heile EP-en, pluss noko til, måtte det to ekstranummer til før publikum let bandet gå av scena. Etterpå var det berre lovord å høyre om debuten.
– Steikje bra! Var konsensus frå publikum.
- Ein gutedraum
Håvard Dalsbø, vokalist og frontfigur i bandet som ber same namn, var overvelda over responsen.
– Dette gjekk over all forventning, og vi fekk akkurat den stemninga vi ønskja. Det er ein gutedraum som no går i oppfylling. Særleg når ein har eit slikt publikum, på ein midtsomarkveld, i ei løde. Det er så country som det kan verte. Eg har sett føre meg at sleppfesten måtte verte ein slik lødefest, i staden for på ein pub, sa ein nøgd musikar etter konserten.
Sleppfesten fredag markerte for alvor starten på ei satsing på å slå gjennom som musikar for Dalsbø.
– Det er no eller aldri. Ein må prøve, ta litt sjansar og sjå korleis det går. Om det ikkje går, har eg i alle fall prøvd, seier han.
Med seg på scena, hadde han velkjende lokale musikarar som Vidar Johan Vartdal på gitar, Levi Leite på bass, Tore Ørstavik på trommer, og Anders Boska på tangentar. Sistnemnde er også produsent for låtane som vert gitt ut.
Det neste på programmet no, er å spele på Anker Live, som er vert arrangert i småbåthamna seinare i sommar.
– Men om folk vil høyre musikken vår før det, stiller vi gladeleg opp og speler, seier Dalsbø.