Fredag vart den første seniorsongtimen arrangert på aktivitetssenteret på Bakk-Ola-Marka.

Med Knut Halse og Arne Otto Myklebust som leiarar, vart det servert den eine songen etter den andre, med gode historier mellom kvar song. Det var tydeleg at interessa for allsong blant den eldre garde er veldig stor i Ørsta.

– Dette var så vellukka at det er berre heilt fantastisk. Eg tenkte at 15–16 stolar ville vere rikeleg, men eg måtte berre leite fram fleire og fleire, for det strøymde på. Og eg hadde berre kopiert opp tjue songhefte, sa Astrid Aakre Eikrem på aktivitetssenteret. Fredag hadde ho sitt fulle hyre med å springe til og frå kopimaskina for å skaffe nok songtekstar til dei frammøtte.

– Neste fredag vert det kopiert opp fleire songhefte. Så her er det berre å møte opp med godt humør, og songstemme om ein har det. Men ein treng ikkje kunne syngje for å kome. Ein kan også høyre på andre som syng. Og så har vi nokre veldig kjekke karar som spelar trekkspel, syng og leiar allsongen, seier ho.

Seniorsongen vert arrangert fredagane kl 11.