Forfattar og professor Jan Inge Sørbø var berre ein av svært mange som laurdag kveld hylla samtidskomponisten Magnar Åm gjennom ein storslått musikalsk gåvekonsert i ei fullsett voldakyrkje.
Det vert sagt det går eit spor av musikk etter sekstiåringen, som denne kvelden fekk sitje heilt stille og berre ta inn over seg programmet som var laga til ære for han.
Det vart ein konsert full av overraskingar, der kjernen i Åm sin musikk kom godt fram. Frå Volda Vokal og Digitalis sine songtonar til komposisjonar framført av Kåre Nordstoga på orgel og Ellen Sejersted Bødtker på harpe. Dansaren Einy Åm Sparks hadde også fleire innslag gjennom konserten, tonesett av impro-gruppa Quest og harpist Sejersted Bødtker.
Mot slutten vart hovudpersonen sjølv invitert til å kome fram og la tonane strøyme frå flygelet. Etter kvart slutta fleire musikarar seg til Åm, og laga ein improvisasjon med flygel, orgel og song.
Konserten vart avslutta med ståande trampeklapp, og ein tydeleg nøgd Åm som kunne berre takke for den storslåtte gåva.
– Det var fantastisk å sitje her og ikkje løfte ein finger, og berre oppleve, sa Åm etter konserten. Vanlegvis har han mykje å tenkje på og planlegge i forkant av ein slik konsert, men denne gongen var alt teke hand om av arrangørane, som også heldt mykje av det som skulle skje hemmeleg.
– Dagen i forkant var avslappa og uvanleg, i og med at eg ikkje hadde noko ansvar eller noko å styre med. Eg stella i staden heime og laga graut til dei som kom frå øving. Eg prøvde å lure ut av dei kva dei song, men fekk ikkje noko svar, sa ein smilande Åm. Han meinte arrangørane hadde laga eit solid program.
– Det var herleg. Eit veldig flott utval med mange vanskelege ting dei gav seg i kast med, sa Åm, som skildra gåvekonserten med eitt ord: – Ubeskriveleg.
Det var songkoret Volda Vokal som Magnar Åm dirigerer, som stod bak den spesielle gåva. Geir Hjorthol i arrangementskomiteen seier ideen til konserten kom for eitt år sidan, då dei innsåg at dirigenten deira neste gong hadde stort jubileum.
Ein komité på tre personar brukte dermed det neste året på å planlegge programmet og ta kontakt med artistar. Alle som kunne kome takka ja til det, og det heile vart halde løynd for Åm fram til nyleg.
Hjorthol fortel at dei set stor pris på å ha ein ressurs som Åm i Volda, og ikkje minst i koret Volda Vokal.
– Vi er fullstendig klar over at vi er frykteleg privilegerte. Sjølv om Åm er ein anerkjent person, er han så langt unna “primadonnanykker” som det er muleg å kome. Han er veldig alminneleg som person, og er ein person ein lett vert glad i.