Kvart år delar Kulturminnefondet ut eit formidlingsstipend til dei som set fokus på viktigheita av å bevare kulturarven. I år går dette til Bakketunet på Bjørke i Ørsta, ved Marita Bett Aakre.Grunngjevinga er at ein ved å la eit freda gardstun bli opna opp for publikum og flinke handverkarar frå ulike yrke, gjev nye målgrupper auka forståing for kulturarvens verdi. Kulturminnefondets styre vektlegg spesielt at bygningane har fått ein ny berekraftig bruk som bidrar til verdiskaping, der ein også sikrar kulturminneverdiane.Nyleg fekk Aakre Ørsta kommune sin kulturpris for det arbeidet ho har gjort både for å verne bygningane, og for å skape liv på tunet gjennom samhandling med både handverkarar og andre. Bakketunet er freda med sine seks bygningar, der det eldste tømmeret i bygningane er datert tilbake til 1549. Grindløda er kanskje den eldste av sitt slag i landet. Kulturminnefondet gav i 2013 tilskot til å setja i stand den gamle fjøset til galleri. Etter fleire år med restaureringsarbeide opna eigarane tunet for besøkande sommaren 2010. Sidan den gong har meir enn 4000 menneske vitja tunet der ein og kan oppleve kunstutstillingar integrert i tunet sitt miljø. Kvart år presenterer tunet nye hovudutstillingar med utøvande kunstnarar, og kvar søndag er det på plass ein ny handverkar i kammerset som viser unike kunst- og handverksprodukt. Kulturminnefondet har støtta fleire istandsetjingsprosjekt på Bakketunet. Fjøsen var fram til 1976 nytta til kyrne og etterpå til sauehald som vart avslutta tidleg på 80-talet. Ein del av bygningsmaterialet i fjøsen er frå tidleg 1800-tal, medan murane er langt eldre. Bygningen fungerer no som galleri og er ein del av ei større satsing der ein tek heile tunet i bruk. Samstundes med utdelinga av formidlingsstipendet, vil Bett Aakre på tildelt 160.000 kroner til restaurering av det gamle sauefjøset, som skal bli kunstgalleri.
FaktaFormålet med formidlingsstipendet er å bidra til å auka merksemda på kulturminnevern i Noreg. Stipendet skal nyttast til reiser og foredragsverksemd for å formidla erfaringar frå innsats i praktisk kulturminnevern over mange år. Den som mottek stipendet må kunne begeistra ulike målgrupper og syne korleis det er mogleg å redda kulturarv, sjølv om mykje kan sjå håplaust ut.Stipendet vart i 2014 tildelt Else ”Sprossa” Rønnevig og i 2015 Handverksfabrikken i Gyland ved Erik Alfred Tesaker.