Kjell Andreas Oddekalv frå Volda har doktorgrad i rap-flow og har skrive bok om det første Side Brok-albumet, Høge Brelle. 21. oktober vert det lanseringsfest i Ørsta.

Det skriv Aasentunet i ei pressemelding.

Aasentunet samarbeider med Stødt om lanseringsfest av boka som er ein del av serien Norske albumklassikere.

– Forteljinga om Side Brok og Høge Brelle-albumet er viktig lokal kulturhistorie for oss som er oppvaksne på Sunnmøre, men også eit viktig rappalbum i nasjonal samanheng, fortel Olav Øyehaug Opsvik i Nynorsk kultursentrum.

– Då var det sjølvsagt at vi måtte få til ei lansering i Ørsta!.

Under lanseringsfesten kjem forfattaren til å treffe Runar Gudnason og forskings- og samlingsleiar Olav Øyehaug Opsvik i Nynorsk kultursentrum til samtale om boka. Vidare blir det konsert med Volda-fenomenet louilexus. Mellom programinnslaga blir det spelt norsk rapp, kuratert av DJ Øyehaug frå Ørsta.

I omtalen av boka står det mellom anna at «Denne boka tek for seg Høge Brelle som kunstverk – både musikalsk og tekstleg – fortalt frå ståstaden (eller vel så ofte sitte- eller liggestaden) til ein som var der (og med der så meinar vi slutten av tenåra/byrjinga av tjueåra på Søre sunnmøre – gjerne på Side Brok-konsert på Rust i Ørsta).»