- Jostein O. Mo er ein kulturformidlar med stor entusiasme, kunnskap og iderikdom. Som forfattar, bilderedaktør og samlar ønskjer han å dele og formidle, og skaper stort engasjement blant lesarar og tilhøyrarar, står det i grunngjevinga, som vart lest opp av ordførar Stein Aam under kommunestyretmøtet torsdag.

Jostein O. Mo har vore tilsettt for å leie og medverke til å utvikle kultur i Ørsta kommune i 35 år. Samstundes har han hatt verv i frivillig organisasjonsliv, mellom anna som leiar i Møre og Romsdal idrettskrets i 20 år, og utvalsmedlem i idrettsforbundet i 20 år.

- Kombinasjonen mellom den frivillige innsatsen og arbeidet i kommunen har gitt stor meirverdi.

Jostein Mo får kulturprisen Formidlaren av Ørsta-historie – For fyrste gong har eg vorte heilt sett ut. Eg ana ingenting då namnet mitt med eitt kom opp, og eg vart beden om å forlate møterommet.

- Takk til Ørsta kommune. Og takk til alle dei eg har møtt i arbeid i kulturformidling og i frivillig organisasjonsarbeid, helsa Jostein O. Mo, mellom anna.

Han seier det var svært uventa å få prisen.

Jostein O. Mo kunne kalle seg forfattar då boka "Under Sunnmørsalpane" kom ut i 1990. Han har også skrive ei rekkje temahefte og jubileumsskrift og har vore bilderedaktør for Ørsta-kalenderen. Jostein O. Mo har hatt stor interesse for å samle bilde, postkort og minne om folk og hendingar i ei årrekkje.

- Han ønskjer å formidle dette, og har skapt opplevingar og entusiasme gjennom avisspalta "Det var den gongen" i snart 30 år. Han tok initiativ til bokserien Ørsta-album, som med 15 bind har vorte ei merkevare og eit lokalhistorisk oppslagsverk med godt omdømme. I år kom boka om konfirmanthistoria til Ørsta kyrkje, las ordføraren opp.

- Jostein tek vare på det som har vore, men er samstundes ein utviklar. Han var pådrivar og ein sterk ambassadør for kommunen då Ørsta vart kåra til kulturkommune i 2000, og engasjementet vart lagt merke til og sett pris på langt utanfor kommunegrensa då Ørsta vart kåra til nynorskkommune i 2013. Jostein har sett varige spor etter seg som kulturformidlar, og er ein verdig mottakar av kulturprisen for 2016.