Dette er ei roleg låt med tittelen «Aldri ei tåre» skriven av bandet sin trommeslagar, Øystein Nybø. Dette er fyrste gong Liv Marit Wedvik syng på norsk på plate, og låten har allereie før utgivinga fått stor merksemd, og bandet håper at låten vil slå godt an.

Ørstadialekt

«Aldri ei tåre» er første nye innspelinga Crashville har kome med sidan den eigenproduserte plata «Fyrste reis» i 2011. Den bestod av 10 eigenkomponerte melodiar med tekstar med lokal forankring i Ørstadialekten. Bandet står også denne gong for produksjon og utgiving sjølv.

Crashville vil i løpet av hausten og vinteren vere aktive på konsertfronten og promotere den nye singelen. Blant anna vil dei ha ein minikonsert på Amfi Ørsta den 19. oktober.

Crashville består av: Svein Ivar Holen: vokal og ak. gitar, Hans-Christian Humberset: el. gitar og kor, Tom Andre Holen: bassgitar og Øystein Nybø: slagverk.