Før Kiwi-hallen skal nyttast til fotball vart den innvigd med to konsertar med Vassendgutane laurdag. Førehandssalet av billettar til begge konsertane var godt, og då Vassendgutane gjekk på scena under familiekonserten hadde rundt 450 personar samla seg i den nye hallen. Arrangør av konsertane var fotballgruppa i Ørsta IL, og rundt hundre frivillige frå ulike lag stilte opp slik at arrangementet kunne gjennomførast. Frå scena gratulerte Sindre Aam Ørsta-fotballen med si nye storstove, og gav også heider til dei som lagt ned mange dugnadstimar for at Kiwi-hallen skulle verte ein realitet.

– Favorittmusikken til gutane

I hallen var det ikkje berre lokale ansikt å sjå, og fleire hadde reist eit lite stykke for å få med seg konsert med Vassendgutane. Roger Sunde frå Vanylven hadde m.a. med seg borna Asbjørn og Espen Brekke Sunde, og alle gledde seg til konsertstart.

– Vi kom hit for dette er favorittmusikken til gutane, og Vassendgutane er store med dei yngste i heimen vår.

Spelte heile «Hesteslepp»

Presis klokka halv seks gjekk Vassendgutane på scena til jubel både store og små. Publikum fekk høyre alle låtane frå det nye albumet ”Hesteslepp”, men det var og innslag av publikumsfavorittar som ”Høgebrua” og ”Reidar”. Både band og publikum var godt nøgde etter konserten som varte vel ein time. Vassendgutane stilte velvillig opp til fotografering og autografskriving, og det var mange som ville ha ein bit av bandet frå Åmdal.

– Viktig at ungane likar musikken vår

– Dette er veldig kjekt, og spesielt når det kjem så mykje ungar. Det er viktig for Vassendgutane at ungane likar musikken vår, og det har vore slik sidan vi starta at ungane likar det vi lagar. Eg veit ikkje om det er fordi at forstår tekstane eller skjønner kva vi syng. Vi var litt skeptiske sidan ungane er meir kresne enn dei vaksne, men dette vart bra, seier Sindre Aam.

– Vil de prøve å halde ein konsert i Ørsta i året i tida framover?

– Møter folk opp slik som dei har gjort i dag så gjer med det, men vi er avhengig av at folk møter opp.

– Var berre store smil å sjå

Aam var litt skeptisk til regnvêret som tok til under familiekonserten, men då Vassendgutane gjekk scena seinare på kvelden hadde det samla seg 1.160 personar i Kiwi-hallen. Med dei som var på familiekonserten passerte dei to konsertane 1.600 besøkjande.

– Vi er veldig godt nøgde med arrangementet, og det var heller ikkje noko bråk. Vaktene var godt drilla i branntryggleik og oppførsel, og det var berre store smil å sjå blant publikum. Vi mista kanskje noko besøkjande med regnvêret som varte frå klokka seks til ni, men etter det kom finvêret tilbake og folk kosa seg med god musikk. Regnvêret var også det einaste minuset denne kvelden, seier Stein Aam.