Norsk kulturminnefond er eit statleg forvaltningsorgan som gjev økonomisk og fagleg støtte til å ta vare på verneverdige kulturminne. Private eigarar, frivillige organisasjonar og kommunar kan søke om midlar for eigne eigde kulturminne.

Langt fleire søkjer enn det er som får pengar.

- I dette gapet fins det svært mange gode prosjekt som burde fått støtte dersom det hadde vore tilgjengelege midlar, seier direktør Simen Bjørgen i Norsk kulturminnefond.

Veksten i søknadsmengda er på om lag 20 prosent sett i forhold til tidlegare år. Samla søknadsbeløp er på 209 millionar, medan det i år er 63,5 millionar til fordeling. Dette betyr at mange prosjekt vil få avslag på gode søknader når styret i Kulturminnefondet har tildelingsmøte i slutten av mars.

- Vi manglar ikkje gode prosjekt, men midlar for å støtte fleire kulturminnetiltak over heile landet, seier Bjørgen, som no vonar på auka rammer i revidert statsbudsjett.

Stortinget sitt ål er at tapet av verneverdige kulturminne skal minimerast.