Spektakulær dans

Det årlege vårshowet til Ørsta og Volda ballettskule tok plass i helga, og showet var like flott som vêret utanfor.
Kultur

Helga 12.-14. juni var det klassisk ballett og moderne dans som hadde framsyning. Showet vekte mange tankar og kjensler hjå tilskodarane. Klassisk ballett stod for eit vakkert og glitrande syn – som prinsesser i eit eventyr. Dei moderne dansenummera var varierte – dei var både tankevekkjande, spanande og kreative. 

Vakkert

– Eg vil ynskje alle velkomen, og eg vil spesielt ynskje elevane som skal stå på scena for fyrste gong, lukke til, opnar leiar for ballettskulen, Synnøve Rekkedal Hill.

Showet var denne gongen blanda, der ein fekk sett klassisk ballett og moderne dans om ein annan. Dette gav ei spesiell stemning, noko fleire blant publikum kommenterte var annleis, men fint. Avgangselevane fekk også eigne solonummer, noko som var nytt frå i år.

Opningsnummeret var ikkje mindre ein ekte glitter og glamour med både glitrande sko og kjolar, og saman med den profesjonelle lyssetjinga var dette eit flott syn for auget. Glitrande ballerinaer var gjengangar i heile showet, med uttrykksfull musikk og spanande historier. Spenning gjekk igjen hjå dei moderne nummera, men dei hadde også med mange fargerike og kreative nummer. I tillegg fekk ein oppleve herleg barnesong frå dei som går musikalsk teater.

Danselærar Janine Konczak frå England var ansvarleg koreograf for showet. Sett vekk frå vintermatineen til jul, så var dette det fyrste store showet ho har koreografert til Ørsta og Volda ballettskule. Mor til Janine, Marion Konczak, som var komen heilt frå England for å sjå showet i helga, var sjølvsagt svært imponert over tilstellinga og elevane, og ho skulle sjå alle tre showa som var oppsett.

Janine Konczak gav mykje av æra til elevane, som til sjuande og sist skal prestere på scena. Ho syntest det har vore ei krevjande periode før showhelga, men ho er også litt trist for at det snart er over for dette semesteret.

Ho fortel at ho gler seg til å kome tilbake til Ørsta og ballettskulen etter sumaren, mykje grunna dei fantastiske elevane ho får arbeide saman med.