Klart for Dokfilm

Festivalstart på onsdag.

"Den siste bohem" er premierefilm under årets utgåve av Dokfilm. 

Kultur

Komande onsdag er det igjen klart for Den Norske Dokumentarfilmfestivalen i Volda. Den offisielle opninga skjer på Volda samfunnshus onsdag kveld, og det er den anerkjende dokumentarfilmskaparen Are Pilskog saman med ordførar Arild Iversen som har fått æra med å opne festivalen i år. Pilskog har også filmen ”Ishavshenda” på festivalprogrammet.

Filmen som opnar Dokfilm 2014 er premierefilmen ”Den siste bohem”, filmen fortel om:

Øystein Wingaard Wolf som lever eit liv der draum og risiko regjerer fritt over tryggleik og vane. Han er verdsett som forfattar og songar som opptrer jamnleg og har ein manisk appetitt på sosialt liv, kunst og fagerdom. Den siste bohem inviterer sjåaren med på ein poetisk og menneskeleg reise, inn i ein ekstraordinær manns sjel, ei sjel full av songar, dikt og kvinner.”

Hovudpersonen Øystein Wingaard Wolff kjem på premieren og skal opptre med ein av sine eigne songar.

Dokfilm varer frå onsdag 23. april til søndag 27. april, og festivalområdet opnar for publikum på onsdag.