«Sirkus spetakkel»

Noregs minste sirkus lagar show når Kari Smeland lanserer «Sirkus spetakkel» i Aasen-tunet søndag.

Ingrid Lone og Carl-André Hjelvik driv Cirkus Minimax. 

Guro Kristin Grønbech og Karine Munch ved Aasen-tunet viser fram boka «Sirkus spetakkel». Forfattar Kari Smeland les høgt frå boka søndag. 

Kultur

I 2011 vart Carl-André Hjelvik, busett i Volda, sirkusdirektør då han starta opp Cirkus Minimax saman med Ingrid Lone. Ideen var å lage eit omreisande minisirkus med sirkustelt, flotte artistar, dyr, popkorn, sukkerspinn og alt som høyrer med. Gjennom heile livet har Hjelvik vore fascinert og interessert i sirkus, og han starta tidleg med balansekunster, linedansing og sjonglering. Som 14-åring fekk han sin første sommarjobb som teltarbeidar og linedansar ved eit sirkus, og no driv han sitt eige sirkus med stort fokus på ekte gjøglarglede. No reiser han og Lone, saman med profesjonelle artistar og dyr, land og strand med Cirkus Minimax, og underheld både store og små.

– Mottakinga av sirkuset har vore veldig positiv, og det at vi har sirkusskule etter showet er svært populært. Det er ikkje på alle sirkus at du får prøve deg i manesjen. Eit lita jente på Gol sa til meg at vi var «verdas beste sirkus». Eg trur at dette har mykje med at vi er eit intimt sirkus. Publikum kjem nærare innpå dei som opptrer, og då følgjer dei med på ein anna måte, seier Hjelvik.

I Aasen-tunet

No tek han med seg sirkuset til Aasen-tunet, og familiedagen søndag der forfattar Kari Smeland skal lese høgt frå si nye bok «Sirkus spetakkel».

– Det vert ein barne- og familiedag her i Aasen-tunet. Kari Smeland kjem og les høgt frå boka si, og etterpå vert det sirkuskurs. Dette er noko som vi har gleda oss til lenge, og familiearrangementa i Aasen-tunet brukar å vere populære. No vert det pannekaker og popkorn, og dette er ein dag på ungane sine premiss. Smeland er svært begeistra for at vi har fått med oss Cirkus Minimax, seier Guro Kristin Grønbech.

– Vi har ofte presentert barnebøker her og hatt aktivitetar som m.a. teikning, forming og filmvising alt etter kva temaet er. Sirkus har vi ikkje hatt før, seier programansvarleg Karine Munch.

Sirkuskurs

På sirkuskurset i salen vert det innføring i bruk av einhjulssykkel, balansenummer, diablo og tallerkensjonglering.

– Det vert ikkje trapes for å seie det slik, seier sirkusdirektøren med eit smil.