Side Brok jubilerer

Laurdag var det ti år sidan Side Brok gav ut sitt første album «Høge Brelle». Det vert feira med miniturné.

Side Brok: Bård «Skatebård» Aasen Lødemel og Runar «Sjef R» Gudnason. 

Kultur

Mimreturnéen har tre stopp: Ørsta, Bergen og Oslo. Konserten i Ørsta vert på Rust 2. mai.

Rapgruppa frå Hovdebygda gav ut sin fyrste EP i 2002, og slo i gjennom i 2004 då Høge Brelle låg åtte veker på VG-lista og endra reglane for kva som er lov og muleg i norsk rap. Mykje var annleis med Side Brok; dei likte å pynte seg og dei spelte konsertar med fullt liveband.

Slik er det enno, og i dag er sunnmøringane meir aktive enn på lenge. I oktober 2013 kom album nummer fire, H.O.V.D.E.B.Y.G.D.A., og ei stripe nye utselde konsertar vart spelt.

– Ti år går fort, men Side Brok bevegar seg sakte og svært sikkert. Me gler oss til å ta eit musesteg tilbake i tid, seier Runar Gudnason, også kjent som «Sjef R».