- Midt i blinken med kafelesing

Forfattarmøta på kafeane under festspela er omtykte.

Forfattaren Aina Basso las frå boka si "Inn i elden" på Mylneriet i Volda. Her saman med ein gjeng damer som er med i same leseklubb. Frå v. Basso, Ingjerd Traavik, Bjørg Olsen Eikrem, Anne Steinsvik Nordal og Ingrid Slettevoll. 

Kultur

- Vi likar kombinasjonen av fersk litteratur og nybakt brød, seier damene som går saman i ein leseklubb i Volda. Fredag føremiddag var dei på Mylneriet i Volda og høyrde på forfattaren Aina Basso. Dei var ærlege på at dei kunne ynskt seg fleire liknande arrangement under festspela.

Ungdomsromanen "Inn i elden" kom i 2012. Den handlar om hekseprosessane i Finnmark på 1620-talet. Hovudpersonane er Elen og Dorothe.

Aina Basso

På Mylneriet las forfattaren Aina Bosso to utdrag frå boka si. Etterpå var det råd å stille spørsmål i plenum eller snakke med henne på tomannshand.

Fleire nytta sjansen og tok kontakt. Det gjorde også damene i leseklubben.

- Du kan godt skrive at slike intime arrangement er midt i blinken. Det kunne godt vore meir av slikt. Folk kjem  nærare forfattarane på denne måten, og ein kan eventuelt spørje dei om ting ein lurer på. Dessutan trur vi det er eit lågterskeltilbod. Intimkonsertar er vi også beigeistra for, seier Anne Steinsvik Nordal  og Ingrid Slettevoll.

Gav meirsmak

- Hadde de lese noko av Basso før de kom hit i dag?

- Ikkje bøkene hennar, men  petitar ho har skrive  i Sunnmørsposten, seier Anne og legg til at no kunne ho godt tenkje seg å lese bøkene hennar no og opplesinga gav meirsmak.

Ingjerd Taavik budde i Finnmark frå 1979 til 1983, og syntes difor innhaldet om hekseprosessane høyrdes  ekstra interessant ut.

- Kvinne- og kulturhistoria syner kor forsiktige kvinnene måtte vere for å skjule sin kunnskap og si innsikt, seier Ingjerd.

- Skal de på andre arrangement under festspela?

- Ja, vi skal i alle fall på Stein Torleif Bjella i kveld, og gler oss veldig til det, seier dei leseglade damene.


Ættar frå Finnmark

 Bosso er utdanna historikar. Ho har vakse opp på Giske, men er av kvensk slekt på farssida. Forfattaren  har skrive fleire romanar der unge kvinner er hovudpersonane, og der handlinga går føre seg på 1600-1700talet.

- Kva var bakgrunnen for at du skreiv om akkurat om dette temaet?

- Ein av grunnane er vel at far min er frå Finnmark, frå ein stad som heiter Skallevik. Dessutan skreiv eg ei semesteroppgåve om hekseprosessane då eg studerte historie ved NTNU. Men det var medan eg var på ferie i Finnmark, og besøkte Vardø at eg bestemte meg for å skrive ei bok. Eg fann fram oppgåva eg hadde skreve tidlegare, og starta på skriveprosessen medan eg var der oppe, fortel ho.

- Kor lang tid brukte du på "Inn i elden"?

- Ofte tek det fleire år å skrive ei bok. Men denne boka gjorde eg ferdig på eit år, seier forfattaren.

- Korleis  arbeidde du?

- Eg valde å ha med to hovudpersonar. Og så skreiv eg litt fakta innimellom i kursiv. Dei to unge jentene eg skreiv om møttes etterkvar i handlinga, fortel Basso.

Gode og dårlege periodar

- Går det like lett å skrive heile tida?

- Nei, det er gode og dårlege periodar.

- Kva gjer du når du står fast?

- Då tek eg meg ei pause. Av og til nyttar eg den til å lese relevant  litteratur, seier ho.

Forfattaren understrekar vidare at ho har fått mykje gratis stoff gjennom kjeldene.

- Det at folk kunne få trolldom gjennom å ete ei skive med smør, hadde eg til dømes aldri  funne på sjølv, vedgår ho.


- Du skildrar røffe saker, korleis er det å skrive om slikt?

- Det er til tider tøft. Og ein må verkeleg leve seg inn i det ein diktar, slik at det blir levande og ekte for dei som les, avsluttar forfattar Aina Basso.