Symfoniorkesteret kom med våren

Sju-åtte varmegrader ute, litt piskande vind med tett regn i bygene, meir enn førti topp tente musikarar og ein strålande blid, ung dirigent. Når vi i tillegg fekk oppleve to og ein halv solist i samspel med orkesteret, så burde alt ligge til rette for ein festkveld i aulaen på Kårstadbygget i Volda.

Symfoniorkesteret ved Høgskulen i Volda.   Foto: Arne Ola Grimstad

Songsolist Ruth Olina Lødemel.  Foto: Arne Ola Grimstad

Kultur

Og ein festkveld vart det!

Eg sat og hadde dette i tankane: Visst er det flott å sette seg til rette i godstolen, kanskje dempe lyset i stova, finne fram ei plate eller ein CD og la symfoniske tonar strøyme ut i rommet. Men det er noe in gong berre London Symfoniorkester, eller Berlinersymfonikarane eller eit anna stororkester som vi knapt veit namnet på. Det vert noko heilt anna når du sit tett på levande menneske som spelar for deg. I alle fall får du lov å ha den kjensla og gle deg ved henne.

Vi er svineheldige her i bygdene som har eit slikt orkester som har høgskulen som base, og som har sine faste musikarar gjennom år etter år, og som kan hanke inn dyktige kollegaer herfrå og derfrå for å gi både kvarandre og oss store opplevingar.

Som søndagskvelden, då orkesteret inviterte til konserten ”Vår på kontinentet”. Jau då, det blømer både snøklokker og krokus i ”lærarskulehagen”, og dei ansvarlege for skisentra ottast for sviktande inntekter i påska. Men vårvinteren kan vere lunefull, så difor tok vi med denne innbydinga og sessa oss i aulaen og let symfoniorkesteret drysse vårstemte tonar over hovuda våre.

Diverre – eller heldigvis – er eg ikkje så godt kjent i musikalske ordbøker at eg kan gi terningkast for det tekniske innhaldet, men eg – og så langt eg kunne sjå og høyre (etterpå) – mange med meg – let oss rive med.

Konserten hadde med vel to solistar. Det er litt respektlaust sagt, og eg skal forklare dette litt seinare. Oline Strømmegjerde er fast medlem i orkesteret, Ho studerer musikk ved Høgskulen og har fløyte som instrument. Ho var solist i Andante for fløyte og orkester i C-dur av Mozart.

Og ørstingen Ruth Olina Lødemel som gjer karriere med utgangspunkt Oslo, song arien ”Ah! Non credea mirarti”. Her fekk ho litt duett med Hjalmar Eiksund som elles spelar bratsj i orkesteret, men berre litt.

Det var nesten fullsett i aulaen denne kveldsstunda, og folk synest å vere overlag nøgde.

Dirigenten, Øyvind Johan Eiksund, har sagt til pressa at å dirigere symfoniorkesteret, er noko av det kjekkaste han har gitt seg ut på. Det lovar godt, og samspelet mellom dirigent og orkester fungerte fint, så langt eg kunne bedømme.

Vi ser fram til neste konsert og ynskjer lukke til med vidare arbeid.

Dirigent Øyvind Johan Eiksund.  Foto: Arne Ola Grimstad