Nyttårskonsert med pomp og prakt!

Til helga er det stor nyttårskonsert med Symfoniorkesteret ved Høgskulen i Volda. Saman med to heimvende solistar og sin nye dirigent Øyvind Johan Eiksund vil dei skape ein nyttårskonsert med feststemte tonar.

Karen Rosenberg Olsen og Lars Ivar Nordal 

Kultur

Symfoniorkesteret ved Høgskulen i Volda teke opp att tradisjonen med nyttårskonsert. Laurdag 21. og søndag 22. januar spelar dei konsert i Berte Kanutte-bygget ved Høgskulen i Volda. Nyttårskonserten har vore ein fast tradisjon for orkesteret, men har av ulike årsaker ikkje blitt arrangert dei siste to åra. Til helga vert han teken opp att, med stor iver og speleglede. Med på laget har orkesteret fått sopran Karen Rosenberg Olsen og tenor Lars Ivar Nordal. Saman ynskjer dei å gi sitt publikum ei storslegen musikalsk feiring av det nye året.

Heimvende solistar

Karen Rosenberg Olsen er fødd og oppvaksen i Ørsta. Musikk og teater blei tidleg ein viktig del av livet hennar. Som femåring starta ho som fiolinelev på Ørsta kulturskule, og då ho starta på musikklina ved Volda vidaregåande skule kom interessa for klassisk song. Det var skulens musikkproduksjonar som vekte lidenskapen for livet på scenen.

Etter vidaregåande drog Karen til Oslo for å studere musikkteater ved Baardarakademiet og seinare klassisk song ved Barratt Dues musikkinstitutt. Som songar har ho hausta mykje ros og motteke fleire prisar og stipend, og tatt meisterklasser med mellom andre den kjende songaren Elisabeth Norberg-Schultz. På nyttårskonserten vil ho mellom anna framføre den kjende Latterarien frå Flaggermusen av Strauss d.y.

Lars Ivar Nordal kjem frå Volda. Også han starta si musikalske karriere på musikklina ved Volda vidaregåande skule. I 2004 begynte han på utdanninga si som klassisk songar ved Griegakademiet i Bergen. Sidan 2006 har han studert ved Hochschule für Musik „Hanns Eisler“ i Berlin, avbrote av eit utvekslingsopphald i Paris 2010–2011.

Frå kor til orkester

Orkesteret har nyleg fått ny dirigent, Øyvind Johan Eiksund. Han er doktorgradsstipendiat ved Høgskulen i Volda, der han forskar på kor og korverksemd på søre Sunnmøre. Han har sjølv sunge i kor heile livet og er i dag medlem av mellom anna koret Skruk. Tidlegare har Øyvind også studert fiolin ved Griegakademiet i Bergen og har også lang fartstid som orkestermusikar i det lokale musikklivet.

Dirigentpinnen overtok han før jul og byrja innøvingsprosessen fram mot nyttårskonsert. Øyvind er en person med engasjement og lidenskap for musikk. Han ynskjer å løfte orkesteret så høgt han kan, og har ambisjonar om å vere med på å skape mykje god musikk og gode opplevingar både for musikarar og tilhøyrarar.

Wienervalsar, operettar og britisk pomp og prakt

Det er eit feststemt og iøyrefallande repertoar orkesteret vil presentere denne helga. Frå den lettbeinte Offenbach går vegen til valsekongen Strauss, og vi får mellom anna høyre den kjende valsekavalkaden «Rosen aus dem Süden». Ein annan Strauss-slager, som også er kjend frå nyttårskonserten i Wien er «Radetzky-marsj». Etter ein snartur innom Russland og den smektande Lenskis arie frå «Eugene Onegin», går vegen til Franz Lehars «Den glade enke». Frå denne operetta får vi høyre den kjende Vilja-lied og Lippen Schweigen.

Det store løftet denne nyttårskonserten er den erkebritiske marsj i D-dur frå Edward Elgars «Pomp and Circumstance». Dette er eit stort verk som stiller store krav til både storleik og dugleik til orkesteret, og som er udødeleggjort gjennom BBCs «Last Night of the Proms».

Som det høver seg ynskjer også orkesteret å avslutte konserten med eit smell, men for å finne ut kva dette er må du møte opp sjølv. Vel møtt til konsert.