Joakim Hunnes (30) debuterer som forfattar

Joakim Hunnes (30) frå Vartdal har nyleg gjeve ut debutromanen «Alle vet hvem du er». Inspirasjonen til historia er henta frå heimtraktene.

Joakim Hunnes.  Foto: Paal Audestad/Tiden Norsk Forlag

Boka "Alle vet hvem du er". 

Kultur

Arbeidet med å skrive boka starta for tre år sidan, då Hunnes var ferdig med forfattarstudiet i Bø i Telemark. Heime i huset til farmora på Vartdal vart det første utkastet laga av det som no har enda opp som ei 150-siders bok. For å få meir tid til å skrive, byrja han i 2009 på Skrivekunstakademiet i Bergen.

Krimnotis

Ideen til boka kom opphavleg frå ein notis på baksida av Møre-Nytt.

– Det er ofte spennande å lese bak på Møre-Nytt og sjå kva som har skjedd i helga, og undre seg over om ein kjenner nokon av ugjerningsmennene. Det var det eg begynte å skrive om. Ulike hendingar som leier opp til ein notis i avisa, seier Hunnes.

– Notisen eg vart inspirert av var nokre karar som vart meldt til politiet etter å ha banka nokon på måfå. Av vener vart det fortalt meg at dei same karane hadde vore ute i same ærend i andre bygder. Så eg begynte å dikte rundt det. Dei fleste smånotisar har ei lenger historie enn dei få linene med sjølve ugjerninga som kjem i avisa.

Skrivekunstakademiet

I første omgang var historiene meint som ei novellesamling, men Hunnes fann etter kvart ut at han hadde nok stoff til ein roman.

– Eg starta på boka etter skuleåret 2007–2008. Sommaren 2008 hadde eg fri frå mai til august. Då skreiv eg første utkastet og sende det av garde. Eg vart kontakta av eit forlag som likte boka, men fekk beskjed om å skrive ho om. Og eg kom i løpet av året til at eg trengde litt hjelp, og at eg for å halde hovudet over vatnet måtte arbeide ganske mykje. Så eg søkte på Skrivekunstakamiet, der eg kunne bruke eit år på å skrive ferdig boka og få ein del innspel. Då eg var ferdig med det året, hadde eg fått meir enn nok kommentarar frå folk til å skrive ferdig, seier Hunnes.

Lang prosess

Å gje ut ei bok for ein fersk forfattar førte til meir arbeid enn venta. Hunnes kan fortelje om ein omfattande prosess frå første utkast til ferdig bok.

– Å skrive historia var berre ein brøkdel av arbeidet. Så kom omskriving, og så kom redigering og meir redigering. Eg har brukt tre år på dette, og reknar med det tek like lang tid neste gong også. Det er mykje pirk, og mange ting som må følgjast, seier Hunnes.

– Men det har jo alltid vore ei gulrot å tenkje på at om eg gjer det naudsynte arbeidet, så endar boka opp i bokhandelen. Det vanskelege er å kome gjennom nålauget til forlaga. Dei største forlaga tek i mot tusen manus i året, og gjev ut ein veldig låg prosentdel av dette.

Ø-Vik og U-Vik

Boka «Alle vet hvem du er» handlar om eit til tider rått ungdomsmiljø på Vestlandet, der guten Sindre hamnar i stadig meir krevjande situasjonar. Slåstkampar, festing, sex og bilkøyring er kjende element frå ungdomstida, som også pregar den mørke historia i boka.

Folk frå Søre Sunnmøre vil nok kjenne seg att i historia, både når det gjeld miljø og geografi. Stadnamna Ø-Vik og U-Vik, med tunnel mellom, gjev liten tvil om kvar handlinga finn stad. Hendingane er derimot fiksjon, seier forfattaren.

– Det er ikkje så veldig kamuflerte namn på stadene. Men det er ikkje hendingar som har skjedd. Eg har dikta opp alt, men eg hugsar jo korleis det var å vere atten år og rastlaus, og at alt ein gjorde ikkje alltid var så veldig gjennomtenkt. Noko gjorde ein fordi foreldra meinte det var det rette, noko fordi kompisane meinte det. Lina mellom kva foreldra synest er rett oppførsel, og kva kompisane på den andre sida synest var det beste, er jo ofte ikkje heilt parallelle, seier Hunnes, som altså har henta inspirasjon mellom anna frå Ørsta.

– Eg har brukt området på Sunnmøre fordi det er det eg kjenner best, og det er mykje lettare å skrive om enn plassar eg berre har vore ein gong eller to. Det er lettare å ha ein karakter gåande langs elvane på Vartdal, som eg har gjort sjølv tallause gongar, enn å ha dei vandrande gatelangs i Paris, som eg berre har sett på ferie. Og Oslo og Bergen har jo nok av menneske som skriv om seg sjølve. Det er vel på tide nokre romanar går føre seg på Søre Sunnmøre og, meiner Hunnes.

Planlegg allereie ny bok

– Korleis har responsen vore etter lanseringa?

– Boka har ikkje vorte meld så mange stader, men eg fekk ei no måndag der det stod at eg hadde eit direkte og effektivt språk som frydar. Slike ting er veldig kjekt å lese. Ein meldar sa til meg personleg at han såg fram til mi neste utgjeving. Elles så er det vener og familie som endeleg får lest boka, og det er veldig kjekt å høyre kva dei synest, hos dei har eg til gode å få noko anna enn skryt. Det er veldig hyggjeleg å høyre at folk likar det eg har arbeidd med i tre år. Det er også veldig kjekt å sjå bøkene sine i bokhandelen, seier Hunnes, som allereie planlegg neste bok:

– Eg har starta på ei ny, så vidt, og ho er så i startfasen at eg ikkje veit kvar historia går. Men det har i alle fall gjeve meirsmak. Og neste gong veit eg kor mykje blod, sveitte og tårer som må til før ei bok vert ei bok. Og då eg endeleg heldt ho i handa, og fekk den merksemda eg har fått så langt, så er det absolutt verd alle timane ved skrivebordet.