Opplev Trandalblues - som dugnadshjelp

Ein stadig større festival treng dugnadshjelp.

Det er snart duka for Trandalblues.  Foto: Rune Sæbønes

Kultur

Trandalblues vert større og større. Og no har du sjansen til å oppleve festivalen gratis – viss du er villig til å vere dugnadshjelp.

– Om ikkje lenge vert den åttande Trandalbluesen halden. Han har utvikla seg til å verte eit evenement som også den internasjonale bluesverda har kasta augo sine på, seier Kyrre Grimstad i arrangementsnemnda «Bratt & Blått».

På plakaten i år står namn som Dr. Feelgood, Lucky Peterson, Bryggerigangen Bluesband, Latvian Blues Band, Sven Zetterberg og Ståle Dimmen & Blaa Mixture. Festivalen er 3. og 4. juli.

– I år har vi teke hardt i, og henta nokre av dei beste artistane som er der ute. Til Trandal! I Hjørundfjorden, reklamerer Grimstad.

Han gjer det klart at å arrangere dette krev mykje innsats.

– Difor treng vi deg. Dersom du vil vere friviljug, kan vi by på overnatting, festivalpass og ein dag fri. Men den dagen du er på jobb, skal det jobbast! Insisterer Grimstad.

– Vi treng folk til ulike oppgåver. Rydde glas, ordne, setje på plass og elles følge Terje Myklebust sine uklare ordrar. Dei som melder seg kan rekne med ei oppleving. Og dei får også treffe dei verdsberømte artistane som kjem denne helga. Meld deg via trandalblues.com. Vi snakkast! Seier Grimstad.