Lovar padder og folkefest

Folkefest. padder og tema om psykisk helse på årets Dokfilm-program i Volda
Kultur

Dokfilm 2015 i Volda går av stabelen 22.-26. april, og også i år har festivalen fleire filmar med lokal forankring.

Årets opningsfilm er "Eit kjærleiksbarn", filmen om Torstein og hans kontroversielle val i høve det å starte familie. Det er ein film om kva eit lite øysamfunn, med sine prestar, frisørar og pensjonerte jordmødre tenkjer om utradisjonelle val og om det som står i skrifta. Men mest av alt handlar det om kjærleiken mellom ein far og ei dotter. Filmregissør er Ida Kleppe frå Leikong.

Padder

På programmet er også Are Pilskog sin film om paddene i Austefjorden. "Kunsten å legge seg paddeflat" handlar om to eldsjeler som bestemmer seg for å kjempe paddene si sak når Statens vegvesen startar bygginga av Kvivsvegen.

Tidlegare voldastudent, som no er tilsett ved Høgskulen i Volda, Øystein Frøyland, syner filmen sin "Simen". Filmen handlar om 11 år gamle Simen som har ein alvorleg hjarneskade. Trass i dårlege prognosar lærte han å lese, skrive og kommunisere alt som treåring. Vi får eit innsyn i Simen sin kvardag, og får samstundes sjå korleis familien hans taklar diagnosen og held positiviteten oppe.

Psykisk

Psykiske lidingar har vorte meir ope og akseptert å snakke om i dagens samfunn. Under årets Dokfilm handlar heile seks filmar om psykiske lidingar. Difor har festivalen valt å ha psykiske lidingar som tema på eit av seminara. For å diskutere dette vert det eit panel med Karianne Berge, Hans Lukas Hansen og Aleksander Johan Anderassen. Dei skal forsøke å gi eit svar på spørsmåla: Kvar går grenda? Og er det i det heile tatt etisk å portrettere og eksponere menneske med psykiske lidingar?

Folkefest

Og også i år vert det arrangert folkefest med underhaldning for store og små. Det vert høve til å verte måla i andletet, det vert rebusløp, sekkeløp og kubbespel.

Etter folkefesten som vert halde på laurdagen under festivalen, inviterer arrangørane til filmsyning for born på Rokken.