– Det er gøy!

– Vi får danse mykje, bevege oss og lære mange triks.
Kultur

Sander Eikenes og Nikolai Mork Rogne er to av 48 gutar som i år er elevar ved Ørsta og Volda Ballettskule. Framleis er det jentene som dominerer, over 380 i talet, men gutane er på frammarsj. Og det er éin ting som lokkar dei.

– Hip hop! Men vi seier aldri at vi går på ballettskulen altså. Vi seier at vi går på hip hop, understrekar dei lattermildt.

Aukar

For det er ingen tåspissko, tutu-skjørt eller smultringar i håret inne på Felicia Goll-Rasmussen sitt dansestudio på «Trico-bygget» i Strandgata denne onsdagen. Her er det heftige rytmar, joggesko, saltoar, hettejakker og kule kids.

Hip hop har vorte ein favoritt på ballettskulen dei siste åra, og no er gutane også i ferd med å vakne og oppdage gleda med dans.

– Det aukar frå år til år. For få år sidan kunne vi telje dei på ei hand. No har vi reine guteklasser. Vi har hatt sporadisk besøk av gutar på jazz og på klassisk ballett, men det er hip hop som gjeld no, seier styreleiar og primus motor, Synnøve Rekkedal Hill.

Enormt arbeid

Ørsta og Volda Ballettskule er den einaste foreldredrivne ikkje-profitt ballettskulen i fylket.

– Og det er få att av oss på landsbasis. No har kommunane teke over, eller så er det ballettlærarar som driv kommersielt sjølve. Men då vert prisen også mykje høgare for å vere med, seier Hill.

Med 430 elevar er nær alle bygdelag i Ørsta og Volda representerte. «Alle» kjenner nokon på ballettskulen. Første søndag i advent står 270 av dei på scena på Ørsta kulturhus, klare for å prestere etter veker med øving. Billettane vart rivne vekk, og mange foreldre må «slusast» inn i salen for å få sjå akkurat når deira barn skal danse, fordi dei ikkje rakk å skaffe seg billettar. Truleg kunne ballettskulen ha fylt ein dobbelt så stor sal som kinosalen.

– Det er eit enormt arbeid som ligg bak desse danseframsyningane, og at billettane går unna så raskt er berre fantastisk. Vi skulle så gjerne ha hatt plass til alle, seier Hill.

Det vert sal av kaffi og kaker under framsyninga, der inntektene skal gå til opprusting av ei leilegheit på Trico-bygget, som dei utanlandske dansepedagogane nyttar seg av.