Redaktørar gjer opprør mot statsbudsjettet

Lokalavis-redaktørane på Søre Sunnmøre står samla mot kutta i pressestøtta.

Rune Sæbønes, ansvarleg redaktør i Møre-Nytt, er ein av dei som er med på oppropet mot statsbudsjettet.  

Kultur

– Kutt i pressestøtta og innføring av moms på papiraviser kan bli skjebnesvangert for mediehus som no arbeider iherdig for å takle den digitale omstillinga. I ein situasjon med stort inntektsfall på reklame, vil redusert pressestøtte gje færre hender og hovud til å løyse det journalistiske samfunnsoppdraget. Det blir eit demokratisk problem, seier Rolf Edmund Lund, redaktør i Altaposten.

Tysdag lanserte over hundre avisredaktørar frå heile landet eit opprop som er sterkt kritisk til statsbudsjettframlegget, der regjeringa kuttar 50 millionar kroner i produksjonstilskotet til norske aviser.

Alle på Søre Sunnmøre med

Alle redaktørane på Søre Sunnmøre har singert oppropet:

  • Rune Sæbønes (Møre-Nytt)
  • Anne Gry Eilertsen (Vikebladet Vestposten)
  • Tore Aarflot (Møre)
  • Endre Vorren (Vestlandsnytt)
  • Vidar Parr (Synste Møre)

Tal frå Mediebedriftenes Landsforening syner at 92 prosent av norske lokalpolitikarar ser på lokalavisa som særs viktig eller viktig for at innbyggjarane skal kunne halde seg orienterte om lokalpolitikken. Samstundes meiner lokalpolitikarane at lokalavisa er den viktigaste mediekanalen for å kommunisere med innbyggjarane.

Hardt pressa

– Dette er arenaen for den lokale debatten. Her får lag og foreiningslivet synt seg fram, og for lokalavisa skal inga sak vere for lita, og heller inga sak for stor. Eit kutt i produksjonstilskotet no vil svekkje denne gruppa av aviser, og mange stader i landet vil etterkvart miste lokalavisa si. Dette er inga god sak om ein vil verne om lokaldemokratiet, seier Asta Brimi, redaktør i Fjuken.

Mediebransjen er hardt pressa økonomisk, og i mai kom det fram at over tusen tilsette i norske mediehus risikerte å miste jobben i 2014.

– Produksjonstilskotet har vore ei suksesshistorie når det gjeld lokalavisene. Frå 1990 er det starta over 100 lokalaviser her i landet, og dei fleste har utvikla seg til viktige aviser i sine lokalsamfunn. Kvar lokalavis får ikkje så mange hundre tusen kroner i støtte,  men dette er eit såkorn som utløyser utruleg mykje. I desse dagar når eigeninntektene er under press vil eit kutt i produksjonstilskotet  vere særs skadeleg, seier generealsekretær Rune Hetland i Landslaget for lokalaviser.