Volda mannskor fylte 100 år og feira med fullsett konsert

– De runda milepålen i god form

Volda mannskor inviterte til 100-årsjubileum laurdag.  Foto: Joachim Åsebø

Kultur

Dei 36 medlemmane i Volda mannskor var i storform laurdag ettermiddag. Med ei fullsett Volda kyrkje inviterte kulturinstitusjonen til 100 årsfeiring for koret som vart etablert i 1921. Med eit variert program, dyktige musikarar og imponerande solistar vart det ein festaftan i kyrkja. Blant medlemmane er ingen som har lengre fartstid enn Brynjulf Skurtveit. 91-åringen vart med i koret allereie i 1976 og har fått med seg 45 år av korhistorikken.