Torsdagsjazz på Porse er tilbake

Dagny Anna Måløy Johnsen skal synge jazz på Porse. 

Kultur

No har Jazzklubben Volda Ørsta starta oppatt med torsdagsjazz, og 28. oktober får Porse besøk av Isiazz fra Volda og Stryn.

- Dagny Anna Måløy Johnsen har sunge på jazzklubb før - og det var kjempesuksess. Ho sjarmerte både musikarar og publikum med sine engasjerte og sjelfulle versjonar av evigunge jazzstandards. Vi reknar med suksess denne gong også!, skriv jazzklubben i ei pressemelding.

Med i bandet Isiazz er dess:

Dagny Anna Måløy Johnsen - Vokal
Stein Lied - Trommer
Per Arne Brandal - Gitar
Svein Hunnes - Bass
Øyvind Lied - Keyboard