Riksteatret kjem til Ørsta

Onsdag 25. august blir det teater for barnefamiliane igjen. Riksteatret kjem til Ørsta kulturhus med framsyninga Høna, egget og reven.

Til Ørsta: Riksteateret kjem til Ørsta med framsyninga Høna, egget og reven. Pressefoto 

Kultur

– Det er ikkje så moro å vere Høna når Egget hennar brått blir borte. Særleg ikkje når ho finn ein rev i reiret der Egget låg, heiter det i ei pressemelding frå Ørsta kulturhus.

I Høna, egget og reven byr Riksteateret på ei nyklekt teaterframsyning for dei minste.

– Her møte du Høna, ein søt, sjølvopptatt og smånervøs eggemor. Og Reven, ein smart og sosial type. Saman legg dei av stad på jakt etter det bortkomne Egget. Det blir ei spanande og verdsomspennande reise.

Ifølgje pressemeldinga er Høna, egget og reven er ei morosam framsyning om venskap, tilhøyring og motgang, og om barn som blir annleis enn foreldra hadde forventa. På scena står Henrik Bjelland, Eirin Schou Fævelen, Ragnhild Gravem og Hans Norman Røine.