Send inn dine sommarminne

To gode vener som sit i graset ved sjøen.  Foto: @karsigva

Kultur

Har du eit blinkskot frå ferien?

Eller kanskje ein video av nokon som stupar ut i sjøen?

Uansett kva det er, oppfordrar vi dykk til å sende oss dine sommaropplevingar, sjølv om vêret er dårleg!

Kanskje du har ei morosam forteljing til det som skjer i biletet som kan vere verdt å lese for andre!

Du kan sende oss dine bilete og videoar på e-post til redaksjon@morenytt.no eller emneknaggen #morenytt på Instagram.



Lesarane sine bilete:

– Ikkje for å skryte, men det her er heimstaden min  Foto: @emholen

Aud Solheim sin hund nyter sommarvarmen på garden  Foto: @solaud

Tur til Rognestøylen. Halldis Høydal sit på storesteinen, medan ho kikar på mannen sin som fiskar i Storevatnet.  Foto: @hhoydal

Denne vakre utsikta kan fotografen sjå få minutt frå heimstaden sin.  Foto: @missismala

– Vi møtte på denne turnglade kompisen ved vendehjulet på Eitrefjell i går. Den hadde ei fantastisk turnoppvisning. I ti minutt stod vi tett på og beundra ferdigheitene, verka nesten som den likte å vise seg fram, seier innsendar Dagny Riise Heggestad:

ARBEIDSKAR: Sivert bygg hytte utanfor verkstaden til farfaren sin.  Foto: @gotefrua1

Sjølv om vêret er grått, vil hunden ut.  Foto: @karsigva

– Dei heng så høgt! Kan du hjelpe meg, pappa?  Foto: Anita Aarseth

Slektningar på besøk. Dei måtte få sjå Hjørundfjorden  Foto: @gotefrua1

Plasto og sunnmørsregn – ein perfekt kombinasjon?  Foto: Linda Tvergrov

Magisk vêrfenomen i Langseterdalen.  Foto: @frkstokke



Sylvkallen: Sytalaust å bu på Sunnmøre. Foto: Kristoffer Flø 

Follestaddalen: Badeliv. Foto: Nelly Perdy Øye 

På ferja: Utforskar Hjørundfjorden. Foto: Gloria Minkov 

Pappaen min: Flottaste og kjekkaste mannen i heile verda. Foto: Edith Rindal Telseth 

Rjåneset: På fisketur. Foto: Janne-Marit Myklebust 

Rystelandet: Barnebarn på ferie hos besteforeldre med storfangst på snik. Foto: Jorunn Vartdal Ryste 

Nordre Vartdal: Solnedgang sett frå Nordre Vartdal. Foto: Kari Aarskog 

Urke: Når du kan leite etter mark med grisen din. Foto: Stine Leira Rist 

Saka vil bli oppdatert.