Møt Kari Leikanger Buset i Sommarpraten:

– Eg er svært lite opptatt av kjendisar

Kultur

Kari Leikanger Buset
  • Alder: 60
  • Bustad: Buset på Vartdal
  • Yrke: Lektor ved Høgskulen i Volda
  • Sivilstatus: Gift med Jan, mor til fem og gudmor til åtte
  • Hobby: Å halde meg litt i form

Kva er ein perfekt sommar for deg?

Eg likar å vere både ute og inne. Då gjer det ingenting at vêret varierer. Eg planlegg lite og er glad for alle som stikk innom og slår av ein prat. Ein perfekt sommar har mange fjellturar, gjerne turar saman med barn og barneborn.