Prillar-Guri har blitt ny og fått ny funksjon

Barnebokforfattar Trude Tjensvold deltok på opninga av lesekiosken på Bjørke fredag.  Foto: Ingvild Myklebust Hovden, Nynorsksenteret

Kultur

I Noreg er det hundre raude telefonkioskar som har blitt freda. I si tid var planen at telefonkiosken på Bjørke skulle fjernast frå bygda, men då aksjonerte bygdefolket og tjora fast det som seinare har blitt ein norsk attraksjon. Prillar-Guri, som telefonkiosken på Bjørke heiter, har fått stå i fred i mange år, men den siste tida har det skjedd mykje.