Festspeldiktaren

– Eg pusla med blyant og blokk og krota ned nokre greier

Det nærmar seg tjue år sidan for-fattar Sigmund Løvåsen debuterte med romanen «Nyryddinga» til gode kritikkar, Tarjei Vesaas debutantpris og P2- lyttarane sin romanpris. I år er han festspeldiktar for Festspela i Ørsta og Volda.

Festspeldiktar: Festspeldiktar Sigmund Løvåsen hadde bokmål som hovudmål på skolen, men det var likevel ein tradisjon for å skrive på nynorsk blant ein del forfattarar frå Trysil. Halldis Moren Vesaas, Sven Moren og Halvor Floden er nokre av dei, fortel Løvåsen. Sjølv prøvde han å skrive på dialekt før han landa på nynorsk som målform.   Foto: Gorm Kallestad / NTB / NPK

Kultur

Det var ikkje før han var rundt 17, at festspeldiktar Sigmund Løvåsen frå ein sauegard i Trysil byrja å interessere seg for å skrive og å lese litteratur. Om ein ser bort frå det han måtte lese på skolen.